Vigsel
Bryllaupet er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Velkommen til vigsel i Leveld, Torpo og Ål kyrkje.
Vi er glade for å invitere alle par, uansett kjønn, til å gifte seg i kyrkja vår.
Nokre vel å gifte seg på ein laurdag, andre på ein kvardag. Nokre om sumaren, andre om vinteren. Nokre vil ha ha det stort, andre gjer det lite. Like fint uansett.
Å gifte seg i kyrkja er gratis for alle. Kyrkjeleg fellesråd kan krevje ein avgift frå par som ikkje bur i soknet eller der ingen av partane er medlem at Den norske kyrkja.
Stad for vigsel
Ynskjer de å gifte dykk ein annan stad enn i kyrkja? Ta kontakt med kyrkjekontoret eller soknepresten, så gjer vi ei vurdering.
Song og musikk
Kyrkjemusikarane våre vil gjerne gjere dagen dykkar så høgitdsstemt og fin som mogleg. Ta kontakt i god tid om de har ynskjer. Det er også fint å spørje nokon de kjenner om å spele eller synge i bryllaupet.
Prest
De blir kontakta av presten i god tid før vigselen. Dersom de ynskjer om å bruke eigen prest, kan de sjølve ta kontakt med vedkomande og gjere avtale om at denne vier dykk. Ordinerte prestar i Den norske kyrkja kan spørjast, og så må denne presten søke soknepresten om å få fullmakt til å vie andre stader enn eigen tenestestad. Ta kontakt så ordnar det seg.

Ta kontakt med oss på post.aal@kyrkja.no eller ring oss på 46683469 dersom dykk har spørsmål omkring vigsel.
Meir info om vigsel på kyrkja.no
Vigselspåmelding