Vigsel
Bryllaupet er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Velkommen til vigsel i Leveld, Torpo og Ål kyrkje.
Vi er glade for å invitere alle par, uansett kjønn, til å gifte seg i kyrkja vår.
Nokre vel å gifte seg på ein laurdag, andre på ein kvardag. Nokre om sumaren, andre om vinteren. Nokre vil ha ha det stort, andre gjer det lite. Like fint uansett.
For bosatte i Ål kommune er det gratis å gifte seg i kyrkja. Kyrkjeleg fellesråd kan krevje ein avgift frå par som ikkje bur i soknet eller der ingen av partane er medlem at Den norske kyrkja.
Stad for vigsel
Kyrkjene er Leveld, Torpo og Ål . Ynskjer dykk vigsel i Torpo stavkyrkje må ein søke Fortidsminneforeningen v/ Lars Monrad Vaage. Når det er godkjent ,så tek dykk kontakt med kyrkjekontoret for at det skal bli satt opp ei påmelding i stavkyrkja.
Song og musikk
Kyrkjemusikarane våre vil gjerne gjere dagen dykkar så høgitdsstemt og fin som mogleg. Ta kontakt i god tid om de har ynskjer. Det er også fint å spørje nokon de kjenner om å spele eller synge i bryllaupet.
Prest
Presten tek kontakt med dykk før vigsel. Dersom de ynskjer om å bruke eigen prest, kan de sjølve ta kontakt med vedkomande og gjere avtale om at denne vier dykk.
Merk: det er brudeparet skjølv som har ansvar for at prøvingsattest er søkt om i god tid. Den finn dykk her: Erklæring fra brudefolkene før prøving av ekteskapsvilkårene - Skatteetaten . sendast på epost til kyrkjekontoret, evt presten som skal vie dykk.

Ta kontakt med oss på post.aal@kyrkja.no eller ring oss på 46683469 dersom dykk har spørsmål omkring vigsel.
Meir info om vigsel på kyrkja.no
Vigselspåmelding