Klubb 3. 16


Klubb 3.16 er ein ungdomsklubb drive av eit ungdomsstyre . Dette er eit breiddetiltak for alle ungdomer som ynskjer å delta, og ein fin arena for at ungdom sjølv tek ansvar. Vi er også nokre vaksne med på kveldane, men det er ungdommen som planlegg aktivitetar, leikar og liknande.

 

Før Covid-19 hadde vi klubbkveld om lag annakvar fredag og det kunne vere frå 20-60 ungdommar på desse kveldane. Årsmøtet har valgt eit nytt klubbstyre, og i gruppa på Facebook blir det annonsert klubbkveldar. Marie Skjerdal er vaksenleiar og har med seg eit team av frivillige som hjelper til med praktiske oppgåver, og som har tid til ein prat med ungdom som ynskjer det. Bli medlem av Klubb.3.16 på Facebook for å få oppdatert informasjon om kva som skjer. Klubben er registert i Acta, Normisjon.

Tilbake