Alpha ungdom


Kurs for ungdom på ungdomsskulen.

Kurset er ein enkel introduksjon til kristen tru. Vi ser ein film på om lag 30 min og pratar i lag i smågrupper. Vi reflekterer rundt kvardagslege spørsmål og dei store spørsmåla i livet.

 

Vi vaksne som er leiarar på dette kurset, er svært opptatt av å lytte til ungdommen og få fram gode samtalar. Ein kurskveld ser slik ut: Kveldens snack (is/kake/kakao og liknande), kveldens tema (film + samtale) og vi avsluttar med god tid til biljard/brettspel/bordtennis/musikk  i den fine ungdomskjellaren i Håps lokalar.

Når? Måndagar i partallsveker frå klokka 19.00-20.30. Vi starta i veke 8, men vi har framleis ledige plassar.  

Kven? For ungdom frå 8.-10. klasse.

Kven er kurshaldare? Kurset er eit samarbeid mellom kyrkja og Håp. Vaksne leiarar (teknisk/praktisk/smittevern/gruppeleiar): Marie Skjerdal , Hilde Kirkebøen, Sverre Mørk, Odd Egil Kaslegard, Line Moen og Kristine G Andersen

Det er høve til å melde seg på undervegs i kurset viss det er ledige plassar.

Ta kontakt med Kristine for påmelding og eventuelle spørsmål på e-post: kristine.g.andersen@aal.kommune.no

Tilbake