Etter skuletid


Etter skuletid er eit tilbod for alle barn frå 4.-7 klasse annakvar måndag i Ål kyrkjestugu.

 

Etter skuletid er eit tilbod for alle barn frå 4.-7 klasse annakvar måndag i Ål Kyrkjestugu frå klokka 14.00-15.30. I partallsveker er 4.-5. trinnselevar velkommen og i oddetallsveker er 6. og 7. trinn velkommen. Vi deler opp klassetrinna, for å kunne følgje smittevern i den tida vi er inne i no. Før nedstenginga av landet hadde vi rundt 35 barn samla til mat, leksehjelp og leik kvar måndag. Fordi det er færre kvar måndag no, har vi høve til å gje god leksehjelp. Fleire av oss leiarar er pedagogar, og teamet brenn for å gje alle barna på Etter skuletid ein god start på veka. 
«Etter skuletid» skal vere ein verestad der barna kjenner seg trygge, inkludert og sett av trygge vaksne. Vi er formidlarar av varme verdiar. «Etter skuletid» er ikkje trusopplæring, men eit integreringstiltak, KIA. Viss du har spørsmål, eller ditt barn ønsker å begynne på Etterskuletid, send ein e-post til kristine.g.andersen@aal.kommune.no 

 

 

Tilbake