Minnelund og alternativ gravplass


 

 

Det skjer mykje på gravplassfronten for tida. Nytt regelverk er på plass frå 1. januar, og lokale vedtekter er justert. Mange har sett små gravfelt kalla «namna minnelund» som kjem rundt om i landet, og spør om det ikkje snart blir namna minnelund også på Ål. Eit slikt felt på kyrkjegarden er ein plass det er råd å setja ned urne, og namnet på avdøde kan setjast på eit felles minnesmerke. Slik gjer ein det enklare for pårørande då ein ikkje treng å syrgje for stell av grav eller vedlikehald av gravminne. Det blir høve til å setja ned avskorne blomar på minnelunden. I fyrste omgang er det planlagt namna minnelund ved Ål kyrkje. Fellesrådet håpar det blir løyvd pengar slik at me kan ta i bruk minnelunden alt om to år.

Se hele tegningen fra landskapsarkitek Marianna Laa: PDF

 

Tilbake