Ålorgelet 30 år!


Ålorgelet 30 år!


Den 9. november 1996 vart orgelet i Ål kyrkje innvigd, og sundagskvelden 8. november 2026 markerer organisten Vemund Olav Aukrust 30-årsjubileet med ein orgelkonsert.

 

Orgelet er bygd i fransk barokkstil med respekt for gamle handverkstradisjonar, og det næraste vi kjem eit fransk barokkorgel i Noreg. Visjonen var å byggje eit «l´orgue folklorique», eit folkets og folkemusikkens orgel, og resultatet vart eit særprega instrument med unike klangfarger. Difor kan det høve godt å markere Louis Couperin og Nicolas Gigault sine 400-årsjubileum og Louis Nicolas Clérambault sitt 350-årsjubileum i same slengen.

Konserten er gratis.

Tilbake