Stille dag i Ål kyrkje


Stille dag i Ål kyrkje


Er du nysgjerrig på retreat, på å vere stille i time etter time? Kva med ein dag med rom for lange tankar? Bli med og prøv det ut i fellesskap med andre på stille dag i Ål kyrkje.

 

Velkomen til retreat med bøn, fellesskap i stilla, jesusmeditasjon, måltid, kveldsmesse og tilbod om samtale.

Sundag 22.november kl.12-19  

Program
Kl.12.00
Kaffi og te
Opning og middagsbøn i kyrkja
Jesus-meditasjon
Eigenrefleksjon
Tilbod om veiledningssamtale

Kl. 15.30
Varmt, stille måltid med musikk, i kyrkjestugu

Kl.17.00
Kaffi, te og oppsummering

Kl.18.00-19.00
Kveldsmesse i kyrkja (ope for alle)

Påmelding til mg822@kyrkja.no innan 17. november.
Pris: 150 kroner.

Gje beskjed om allergiar eller særskilde behov.
Har du andre spørsmål om dagen, ta kontakt med prest Marianne på e-post: mg822@kyrkja.no

Helsing komité for kveldsmessene i Ål kyrkje
Marianne Bergsjø Gammelsæter, Svenn Giljebrekke, Ingvild Kringlebotten Stautland og Margunn Krohn Sævre

Tilbake