Vikar kyrkjelydspedagog hausten 2026


Vikar kyrkjelydspedagog hausten 2026


Ål kyrkjelege fellesråd treng ein vikar til trusopplæring i kyrkjene i Ål hausten 2026.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Babysong annankvar veke
  • Mi kyrkjebok til 4- og 6-åringar i september
  • Bidra i konfirmantarbeidet
  • Lys vaken ein helg i løpet av hausten
  • Barnehagevandringar i kyrkja i desember
  • Skulegudstenester i kyrkja i desember
  • Planlegge, organisere og gjennomføre aktivitetsdagen mini-BUK i byrjinga av haustferien  
  • Barnegospel kan vere aktuelt
  • Bibelgruppe/aktivitetsgruppe for ungdommar kan vere aktuelt
  • Etter skuletid kan vere aktuelt
  • Noko kontortid til administrering, stabsmøter, planlegging og koordinering av frivillige 

Me ser etter ein person som kan halde i trusopplæringsaktivitetar dei neste månadene. Er du glad i born og trivst i kyrkja? Ynskjer du å formidle Jesus til born og unge? Då er dette høvet til eit midlertidig engasjement med mål om at borna i Ål skal ha kjekke dagar med leik, moro og meiningsfullt innhald i kyrkjeleg regi.

Viss du har motivasjon for nokre av oppgåvene, men ikkje alle, så ta kontakt likevel – me legg gjerne til rette for ein arbeidsinstruks som høver deg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Me ser etter deg som evnar å koordinere og engasjere både frivillige og born
  • Pedagogutdanning og/eller erfaring med born og leirarbeid er ynskjeleg
  • Førarkort er ikkje eit krav, men vil vere eit pluss
  • Politiattest må presenterast ved oppstart jf. Politiregisterforskrifta § 34-12, jf. politiregisterlova § 39 første ledd.

Tilsetting og løn i henhold til gjeldande lov- og avtaleverk.

Jobbtype: Mellombels / vikar i perioden september-desember i inntil 60% stilling. Mogelegheit for forlenga avtale.

Arbeidstid: Fleksibel.

Søknadsfrist: 4. september. Søknader behandlast fortløpande.

Oppstart: Fleksibelt, gjerne snarast mogeleg

Send din søknad til kyrkjeverje Kristoffer Krohn Sævre ks259@kyrkja.no

Tilbake