Meld deg på til BUK i juni !


Meld deg på til BUK i juni !


I år blir det Buk to dagar i sommarferien for dykk som går i 1.-4.trinn 22. og. 23. juni. Temaet i år er “skaparverk og skaparglede”; Difor ynskjer vi å samlast for ulike aktivitetar i kyrkja og på Ål bygdamuseum. 

Vi ynskjer å tilbringe dei fyrste dagane med borna frå 1.-4. klasse der vi saman kan oppdage alt det fine rundt oss; naturen, menneska og det vi kan lage saman. Gjennom leik, aktivitetar og fellesskap får borna utforske skaparglede med både hender, fantasi og samarbeid. Målet er å skape gode opplevingar ute i naturen og rundt kyrkja, der borna kan vere kreative, nysgjerrige og ha det kjekt saman. 

Dag 1 (22. juni) blir det ulike aktivitetar i og rundt kyrkja, mellom anna smiing, spikking, sykling, kunstlaging, bading og matlaging på bålpanne. Dag 2 går turen til Ål bygdamuseum med aktivitetar og opplevingar der.

Samling og avslutning vert ved kyrkja begge dagane frå kl. 08:30/09:00–15:00. Pris for deltaking er 100 kroner.

Velkomen til to kjekke dagar med temaet skaparverk og skaparglede! BUK er opent for alle – òg dykk som ikkje er medlem av kyrkja.

  • For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei. ef. 2,10.

Meld bornet ditt på her

 

 

Tilbake