Har du eitt barn som ikkje er døypt, men som ynskjer å få informasjon om aktivitetar i kyrkja? Det er mogleg!
Du som føresett kan opprette eit trusopplæringsabonnement og då vil barnet ditt få tilsendt same invitasjon og informasjon som dei døypte i same aldersgruppe får.
Kyrkja ynskjer å tilby aktivitetar som kan gi kjennskap til kristen tru og tradisjon, gjennom leik, bibelforteljing, bøn, song og musikk m.m. Det kan f.eks vere aktivitetar som «Tårnagent», «Lys vaken», «4-årsbok» og «6-årsbok» osv. Dette er aktivitetar som er ein del av kyrkja si trusopplæring. Her er alle velkomne!
Vi sender ut invitasjonar til aktivitetane til alle som er medlemmar. Dåp gir automatisk medlemskap i den norske kyrkja. Barn som er døypt får automatisk invitasjonar til trusopplæringstilbod for sin aldersgruppe, dei treng ikkje registrerast.
Føresette til barn som ikkje er medlem kan registrere seg som «trusopplæringsabonnentar» og på denne måten få tilsendt same invitasjonar og informasjon som dei døypte i same aldersgruppe får.
Foreldre som ynskjer å opprette eit slikt trusopplæringsabonnement, kan sjølv opprette dette på www.kirken.no/minside . Dette er ei sikker innlogging med BankID. Du kan logge inn uavhengig av om du er medlem i den norske kyrkja eller ikkje.
Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du har spørsmål!