BUK fredag 20.juni - informasjon og påmelding


BUK fredag 20.juni - informasjon og påmelding


Går du i 1.-4.klasse? Ta den fyrste feriedagen i kyrkja! 

Bli med på ein triveleg dag fylt med aktivitetar på Ål bygdamuseum og i Ål kyrkje.

Me samarbeider med Ål bygdamuseum og får tilbringe mykje av dagen der.

Oppmøte på parkeringa ved Ål bygdamuseum mellom klokka 08.45 og 09.00.

Avslutning i Ål kyrkje, slutt klokka 15.00. 

Dagen vil bestå av ulike aktivitetar som f.eks spikking, karding, spinning og leik. Meir info kjem!

  • Barna må ha med niste og drikke.
  • Vassflaske er supert!
  • Eit sitjeunderlag i sekken er lurt.
  • Barna må vere førebudd på å tilbringe det meste av dagen utandørs, og må derfor vere kledd etter veret den dagen.

Påmelding innan 10.juni. Klikk her! 

Pris: 100 kr per deltakar. Betal gjerne på vipps.  (Vipps til 829622, og vel kategorien BUK 2025.)

HUGS å skrive namnet på barnet i meldingsfeltet på vipps. 

(Dersom du ikkje har vipps, så ta kontakt så kan betalinga ordnast på anna vis.)

NB: Det er avgrensa med plassar, så meld på no for å vera sikra plass!

 

Har du spørsmål,  ta kontakt med Ål kyrkjekontor på telefon 90713766 eller send ein mail til gh665@kyrkja.no (Kyrkjelydspedagog Gina Ingeborg Hagen)

Tilbake