2.pinsedag, 9.juni inviterer me dykk til å feire i Ål kyrkje.
Klokka 16.00 er det samling for barn i kyrkjestugu.
Der vil det bli ei lita samlingsstund med formidling om pinse og kyrkja sin bursdag.
Vi går på symboljakt på kyrkjegarden.
Det blir servert pølse i brød/lompe + saft.
Det er absolutt lov å ha med seg mamma, pappa eller andre trygge vaksne på denne samlinga for barn.
Klokka 17.00 er det gudsteneste i Ål kyrkje for alle!
Etter gudstenesta er det kake og kaffe/saft.
Det vil og vera moglegheit for ein tur opp i kyrkjetårnet.
Hjarteleg velkomen til kvar og ein!