Invitasjon til alle som er fødde i 2021 og som er døypte vart sendt med posten i veke 9. Kanskje kjenner de nokon som er fødde i 2021 og som ikkje er døypte, men som også kunne tenke seg å få 4-årsboka? Inviter dei med, sei gjerne at dei kan melde seg på her, så kan dei også bli med i kyrkja og motta 4-årsbok!
- Alle 4-åringane i kommunen blir inviterte til ei felles samling i Ål kyrkje på førehand.
Det blir måndag 17.mars klokka 17 til 18.
- Det blir gudstenester med utdeling av 4-årsbøker desse søndagane:
- Ål kyrkje søndag 23.mars klokka 11.00.
- Torpo kyrkje søndag 6.april klokka 11.00.
- Leveld kyrkje søndag 11.mai klokka 11.00
De kan koma til den kyrkja og det tidspunktet som passar best!
Det er valfritt å delta på samling på førehand, det er heilt ok å berre koma på gudsteneste for å få boka!
Dersom har spørsmål ta kontakt med kyrkjelydspedagog Gina på gh665@kyrkja.no eller ring kyrkjekontoret på tlf 907137 66.
Meld deg gjerne på her: Klikk her!
Og du; les du dette litt seint og hadde gløymt å melde på? Kom likevel!
Hjarteleg velkomen!