Velkommen til Tårnagent-helg!


Velkommen til Tårnagent-helg!


Arrangementet er ope for alle i aldersgruppa, ein treng ikkje vere døypt. 

Ål kyrkje 8. og 9. februar

Hei!

Laurdag 8.februar klokka 12 til 16 og søndag 9.februar klokka 0930 til 12 har me Tårnagent i Ål kyrkje!

Me skal vere agentar (detektivar) og utforske kyrkja. På laurdag blir det f.eks tur i kyrkjetårnet, symboljakt, løysing av mysterier og litt mat. Me skal ha det kjekt i lag!

På søndag førebur me oss til gudstenesta og deltek på den.

Alle agentane får agentkort. Arrangementet er gratis.

Dersom du har lommelykt og/eller forstørrelsesglas kan du gjerne ta med det! Det kan vere kjekt å ha når me skal vere agentar/detektivar.

Håper du har lyst til å vere med! Meld deg på innan 5.februar på mail: gh665@kyrkja.no

Informasjon om agenten: Namn, skule, klasse. Namn på føresett, telefonnummer. Evt. behov for tilrettelegging. Evt. påmelding som englevakt.

Helsing Gina, kyrkjelydspedagog.

 

 Har du lyst og høve til å vere englevakt?

Ein englevakt er ein som er med og hjelper til litt i løpet av laurdagen; det kan f.eks vere å fylgje barna opp i kyrkjetårnet, hjelpe til å lage/servere mat, gå saman med barna på symboljakt eller liknande.

 

Foreldreinfo

Tårnagenthelg er eit opplegg knytt til kyrkjeleg undervisning og læring i kyrkja. På spanande måtar ynskjer me å lære barna om trua gjennom forteljingar frå Bibelen og symbola me har i kyrkjerommet og rundt kyrkja.

Tilbake