Er de klare til å gifte dykk? Sa du ja på nyttårsaften? Vi har reservert kyrkja til dykk. Heilt enkelt - like høgtideleg! Gift dykk på sjølvasten kjærleiksdagen 14.februar, Valentines dagen ❤️
💚 Hadde det vore fint å vore gift, de berre kom aldri så langt?
💛 Hadde de planer som aldri vart noko av?
❤️ Vil de sleppe all planlegginga, og berre gjere det heilt enkelt?
💜 Drop-in er like høgtidleg, berre med mindre planlegging.
🤍 Slik fungerer det:
Kyrkja er open for dykk kl.15-18: kom når det passar best
De kan melde dykk på førehand, eller kome same dagen
Registrering og mottaking skjer på kyrkjekontoret.
Presten møter dykk og har ei kort samtale medan papira blir ordna
Hugs ID! Par som skal gifte seg må ha med prøvingsattest, den ordnar de på www.skattetaten.no og kan sendast kyrkjekontoret på førehand.
🍾🥂Bobler på kyrkjetrappa til dei nygifte
🙋♂️🙋♀️Kyrkja kan stille med vitne, om de treng det (men de kan óg ha med forlovarar)
Seremonien er enkel, men har ingen plassbegrensning. Ta gjerne med familie og vener. Neste par kjem like etter dykk.
Kyrkjerommet er godt egna til enkle seremoniar - vi stiller med kyrkjetenar, prest og musikk. Vigselen tek ca 20 minutt.
💒 Alle par er velkomne til å feire og stadfeste kjærleiken! 🌈
📜 Førehandsregistrering kan de gjere HER: VIGSEL
💰⌚ Alt er like gyldig og høgtidleg, berre med mindre planlegging, og heilt gratis!
Ta kontakt med oss om de har spørsmål (post.aal@kyrkja.no)
Her kan de lese korleis det var i 2024: HALLINGDØLEN 1
Her kan de lese korleis det var i 2023: HALLINGDØLEN 2