Dåp


Velkommen til dåp!

VELKOMEN TIL DÅP I KYRKJA

Vi gleder oss kvar gong det er dåp i kyrkja. Anten det er små eller store born, ungdom eller vaksne. Som regel blir dåpen lagt til ei hovudgudsteneste. Koronasituasjonen inneber at vi er ekstra nøye med å skape trygge omstende.Vi følgjer bransjestandarden som er utarbeidd for Den norske kyrkja i samarbeid med smittevernmyndigheitene. Difor legg vi tilrette for eigne dåpsgudstenester. Det vil seie at dåpsfamilien ikkje berre må forhalda seg til dei planlagde gudstenestene. Verken når det gjeld tidspunkt eller stad. 
 

FADRAR

Det må vere minst to fadrar, og dei må ha fylt 15 år. Foreldre kan ikkje vere fadrar. Minst to av fadrane må vere tilstades ved dåpshandlinga. Som fadrar kan ein berre velgje personar som er medlem i Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen.

 

ORIENTERING OM DÅPEN

For å starte utfyllinga trengst eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom de ikkje har barnet sitt fødselsnummer, kan de bruka deires eige. De vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.
Velg kyrkje og dato der det er ledig plass.Pga koronasituasjonen må me ta atterhald om endring av tidspunkt.
I fyrste omgang er det nok å fylle ut namn på bornet og kontaktinformasjon til de foreldre. Har de ennå ikkje bestemt namn på bornet, kan de likevel sende påmeldinga. Dåpsattest kan ikkje skrivast ut hvis ikkje bornet sitt navn er godkjent i folkeregisteret.
Etter at dato for dåpen er bekrefta, kan de gå til "Jeg vil åpne en registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.

NB! Om de ynskjer å endre dato må de ta kontakt med oss.
 

Opplysningane ovanfor er viktige for oppfølging og gjennomføring av dåpen, blant anna for utskriving av dåpsattest. 

Vi tildeler dåp etter "førstemann-til-mølla"-prinsippet. Det vil seie at vi tildeler plass ut frå når førespurnaden er registrert som motteke i vår database. Dersom det tek lang tid å fylle ut skjemaet, kan ein annan søkje til same plass komme dykk i forkjøpet. Vi tilrår difor å ha fødsels- og personnummer klart for born og foreldre i forkant.

Opplysningane som vi får i samband med dåp vil bli nytta til oppfølgjing av dåpen. Til dømes innvitasjon til å få kyrkjebok eller bibel. Vi har eit godt tilbod med tanke på trusopplæring.

 

Ring gjerne kyrkjekontoret om de er noko de lurar på.

Kontortid tysdag - fredag 8.30-14.00 

Tlf : 32086161

 

Påmelding

 

 

 

Tilbake