BORGSTUGU I ÅL PRESTEGARD


Kan Borgstugu vera 250 år gammal?

Ingen har hittil kunna tidfeste byggeåret på Borgstugu. Etter granskingar i bygdebøker og gamle bilete har me kome fram til at huset mest sannsynleg er bygd siste halvdel av 1700- talet. Har nokon i Ål kjennskap til dette, vil me meir enn gjerne høyre frå vedkomande.

 

I 1759 brann dei fleste husa i Ål prestegard, berre kastebua, stabburet, telthuset, badstugu og smia stod att. For ein trist dag!

Det står ingen ting om Borgstugu. Men alt i 1694 er Borgstugu nemnt i Ål bygdebok, då som eit av mange andre hus i prestegarden. Me finn i ei middelaldersk ordliste at ei borgstugu  var ei tenarstugu eller drengestugu på ei borg eller ein gard. Og tenestefolk veit me det fanst i prestegardane. Dei var store med mykje jord og skog og med mange dyr - prestane åleine rådde ikkje med alt.

Gardstilsyn var det i prestegardane ved kvart presteskifte. Ved eit gardstilsyn i 1741 blir Borgstugu omtala som eit hus som inneheldt ei stugu og eit kammers og var i god stand. Dette huset er såleis eit anna hus enn den Borgstugu me har i dag, truleg gjekk dette huset tapt i brannen i 1759.

Venteleg gjekk det ikkje så mange år før det vart bygd ny  tenarbustad i Ål prestegard - men - så er spørsmålet om dagens Borgstugu vart reist ganske snart etter brannen i 1759, om det var eit nybygg, om det var eit eldre hus som vart flutt til garden, eller det har funnest endå eit hus som vart brukt som drengestugu ein periode.

Ein ting er i alle fall sikkert, dagens Borgstugu stod på den plassen ho står i dag omkring 1880. Det kan me sjå på eit gammalt bilete frå den tid.  Og Borgstugu er slett ikkje av ny dato - det ser me ved å granske tømmerstokkane i bygget. Men er huset virkeleg 250 år gammalt? Korleis kan me finne ut av det?

Tilbake