Årsmøte for Ål kyrkjelyd vart halde i Ål kyrkjestugu onsdag 12. februar 2014.
REFERAT FRA ÅRSMØTE I ÅL SOKN 22/2 2014
22 frammøtte
Opning v/Berit Kilde:
Kvifor driv me med alt arbeidet i kyrkja? For å vise at me er flinke?
Nei, me gjer det fordi me trur - me ynskjer å gjera Guds vilje.
«Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal blir frelste og lære sanninga å kjenne» 1. Tim. 2,4
«For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen» Joh. 6, 40
Gjennomgang av årsmeldingane (Sjå nedafor):
- Soknerådet fekk ros for å vera med på Marknadsdagen i Myren i september. Viktig å vera med der folk samlast.
- Samarbeidet med dei andre trussamfunna i Ål vart peika på som svært positivt. Kanskje er SkjærgårdVinter ei frukt av dette samarbeidet.
- Vanskeleg å skaffe musikarar f.eks. til sportsandaktane i Vats fjellkyrkje – finst det nokon som kan sjå dette som si oppgave?
- Rekrutering av frivillige. Facebook er løysinga. Kanskje kyrkjekontoret skulle vera meir aktiv på Facebook? Det trengst óg fleire songarar i Ål kantori og nokon til å lage mat på kyrkjefredag.
- Ål kyrkjelege fellesråd melder om 70.000 i ubrukte midlar i 2013. 30.000 må gå til sluttføring i Ål kyrkjestugu. Resten kan gå til innkjøp av nye salmebøker.
Strukturendring i lokal kyrkjeleg organisering:
Det finst fleire måtar å auke samarbeidet for sokneråda og det er forskjell på å slå saman sokneråda og det å slå saman sokna – det siste er ei større sak.
Fordeler med samanslåing av sokneråd:
- meir rasjonelt
- meir økonomisk
- færre møte på prestane
- det lettar planarbeidet
- enklare å få folk til å stille på val
Ulemper med slik samanslåing:
- noko svekka lokalt demokrati
- mindere breidde i samansetjinga av rådet (berre for spes. interesserte)
- færre med tilknytting til kyrkja
Spørsmålet er om ein skal starte ein prosess med samanslåing no. Dette er ei sak som bør gå over noko tid – at ein ikkje forhastar seg.
Årsmøtet gjekk inn for at Ål sokneråd ikkje skulle ta initiativ til dette, men dersom Leveld eller Torpo eller båe to, seier klart i frå at dei vil starte prosessen, så bør ikkje Ål setja seg i mot.
Presentasjon av salmar frå den nye salmeboka:
Forsamlinga fekk lytte til og syngje fleire av dei nye salmane.
Vedlegg:
Årsmelding Ål sokneråd
Rekneskap Ål sokneråd
Årsmelding for Trusopplæringa
Rekneskap BUK
Folkemusikkgudsteneste-rapport
Årsmelding for Kyrkjebladet
Kyrkjefredag - vår
Kyrkjefredag - haust
Årsmelding Nystølkyrkja
Årsmelding KFUK-KFUM
Årsmelding Ål Kantori
Årsmelding Bekarad'n
Årsmelding Ål misjonsråd
Årsmelding S-klubben
Årsmelding for Ål sjømannskyrkjeforening
Årsmelding for Synzygus
Årsmelding for Ål Sundagsskule
Årsmelding for Ål Kyrkjeakademi
Årsmelding for Ål Diakoninemnd
Årsrapport for Vats fjellkyrkje
Statistikk for Ål prestegjeld 2005-13