Har du lyst til å synge i kor?


Den 30. oktober tek vi til att med kyrkjekor i Ål kyrkje. Målet er eit lågterskeltilbod for alle som likar å syngje frå ungdomsskulealder og oppover.

Den 30. oktober tek vi til att med kyrkjekor i Ål kyrkje. Målet er eit lågterskeltilbod for alle som likar å syngje frå ungdomsskulealder og oppover, med ambisjonar om å delta som forsongargruppe med allsidig repertoar på enkelte gudstenester. Notekjennskap er ein fordel, men ikkje noko krav. 

 

Til å byrje med kjem vi til å ha korøvingar i partalsveker, annankvar onsdag kl. 19-21. Dei fire øvingane før jul bli då den 30. oktober, 13. november, 27. november og 11. desember. På repertoarfronten blir vegen til medan vi går, men til å byrje med kjem vi til å fokusere på kyrkjemusikk, liturgi og folketonar inn mot folkemusikkgudstenestene. 

 

 

Ta kontakt med Vemund Olav Aukrust om du har spørsmål eller vil melde deg på: va358@kyrkja.no

PS: Vi jobbar også med å få igang barnesong for mindre born! Berre følg med.

Tilbake