Helgemesse


Helgemesse eller allehelgensdag er ein dag for minner, særleg knytt til dei som ikkje lenger lever hjå oss. I kyrkjene blir helgemesse markert første sundag i november. Då blir det feira gudsteneste i kyrkjer over heile landet.  Vi inviterer til helgemesse i både Leveld, Torpo og Ål kyrkjer. 

I gudstenesta denne dagen vil vi minnast våre døde. Vi les namna på alle det er halde gravferd for i frå ei av våre kyrkjer sidan sist helgemessesundag. Vi les opp namna i den kyrkja gravferda fann stad. Har de eit ynskje om at eit namn skal bli lest i ei av dei andre kyrkjene, ta  kontakt med kyrkjekontoret innan torsdag 31.oktober (tlf. 90713766, e-post: post.aal@kyrkja.no )  

 

Helgemessesundag let vi saknet få kome til uttrykk gjennom salmar, tekstar og bøner. Samstundes gjev vi håpet og livet rom, og takksemda over det som var, som vi får bere med oss vidare.  

 

NB! Vi har sendt brev til alle som har sørgd for ei kyrkjeleg gravferd etter helgemesse i 2023. Har de vore ei ei gravferd ein annan stad eller knytt til eit anna kyrkjesamfunn, er de varmt velkomne! 

 

Minnegudstenestene helgemsessesundag 3. november:  

Leveld kyrkje kl.11.00  

Torpo kyrkje kl.11.00  

Ål kyrkje kl.17.00  

Alle kyrkjer inviterer til kyrkjekaffi, stopp gjerne opp for ein liten prat denne dagen.  

Tilbake