Ål kyrkjelege fellesråd tilbyr gravstell på kyrkjegardane i Leveld, Torpo og Ål. Siste frist for å tinge kyrkja til å plante/stelle er 15. mai. Alle avtaler som inngås etter dette, vil gjelde frå neste år.
Gravstell
Ål kyrkjelege fellesråd tilbyr gravstell på kyrkjegardane i Leveld, Torpo og Ål.
For at kyrkja kan ta på seg gravstell er det nødvendig at der er plantekasse som vist i illustrasjonen. Der er plantekasser i ulike størrelsar. Sjå avtalen nedanfor.
Frist for å tekne ny avtale om gravstell er 15.5. Avtale teikna etter denne datoen, trer i kraft året etter.
Trykk på dokumentet for å laste ned «Avtale om gravstell».
Ein kan fylle ut skjemaet og sende det til gs595@kyrkja.no eller poste det til Ål kyrkjekontor, postboks 140 3570 Ål.
Avtale om gravstell