Velkomen til diakon Line


Vi er veldig glade for å kunne seie velkomen til vår nytilsette diakon Line Bakke. Line byrja 1. januar 2024 og har kome godt i gang med arbeidet. Sundag 28. januar kl.11.00 blir Line innsett i ei høgtidsam og fin gudsteneste i Ål kyrkje. Det blir kyrkjekaffi etter gudstenesta. Alle er velkomne!

Line har vore diakon fleire stader før ho kom til oss. Dei siste åra har ho vore diakon i sokna i Hol og Hovet, Geilo, Skudalen og Dagali, i Hol kyrkjelege fellesråd. 

Visjonen for det diakonale arbeidet i Den norske kyrkja er: 

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjord gjennom liv og teneste.

Diakoni er omsorgstenesta til kyrkja. Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.

 

 

Tilbake