Hei du som har ein 11- eller 12-åring i huset - Sjå her!
2.-3.desember er alle born invitiert til LysVaken i Ål kyrkje. Det blir leik og moro, undring og utforsking, mat - og sjølvsagt overnatting i kyrkja!
Alle døypte born og unge får jamnleg tilbod om trusopplæring i kyrkja. No er det 11- og 12-åringane sin tur. De blir invitert til å vere med på eit helg i kyrkja heilt utanom det vanlege, der høgdepunktet er å overnatte i kyrkja.
LysVaken er del av den nasjonale trusopplæringsreformen i Den norske kyrkja. Det handlar ikkje om å vere vaken heile natta, men å utforske korleis vi kan vere Lys Vaken for Gud, kvarandre og oss sjølve.
VI håper de har lyst til å vere med. De melder på barnet med kontaktinfo til ein foresatt, og vi ynskjer samtidig at foresatte melder seg til teneste. Slik får vi eit trygt og godt opplegg for alle.
Påmelding HER
Når: laurdag 2.desember kl.16 - sundag 3. desember kl.12.30
Kven: alle døypte (og andre) som er fødd i 2011 og 2012
Kvar: i Ål kyrkje og kyrkjestugu, med oppmøte i kyrkja!
Ta med: sovepose og liggeunderlag, klede til å vere ute i, lommelykt eller hovudlykt, ein kosebamse
Lys våken. Skal vi være våkne hele natten? from Den norske kirke on Vimeo.
Ta kontakt ved spørsmål:
Trusopplærar Elin, Sokneprest Geir, Prostiprest Ole-Jonny