Her er informasjon om kyrkjevalet 2023, kor og korleis du kan forhandstemme og kor du kan stemme på valdagane. Me oppmodar alle om å forhandstemme digitalt, for informasjon om dette følg linken: Digital forhandstemming
Kyrkjevalet 2023
Kven har stemmerett?
Medlemmer i Den norske kyrkja har stemmerett i det soknet dei bur frå det året dei fyller 15 år. Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja. Du kan sjekke medlemskapet ditt på kirken.no/medlem
Kva stemmer du på?
Kyrkjevalet har to deler. Den eine er valet av medlemmer til soknerådet. Den andre er val av medlemmer til bispedømmerådet og Kyrkjemøte.
Soknerådet sine oppgåver er å forme og utvikle kyrkjelyden. Rådet avgjer kyrkja sine satsingar innan omsorg og diakoni, gudsteneste, kultur, undervisning og aktivitetstilbod for store og små.
Bispedømmerådet er det regionale styringsorganet i Den norske kyrkja. Dei skal arbeide for kyrkja sitt beste i heile Tunsberg bispedømme.
Kyrkjemøte er kyrkja sitt øvste representative organ. Medlemmene i Kyrkjemøte er bispedømmerådene og leiaren av Samisk kirkeråd. Når du stemmer på kandidatane til bispedømmerådet, stemmer du derfor samstundes på kven som skal sitte i Kyrkjemøte.
Kven kan du stemme på?
Trykk på lenkene under for å sjå kandidatane til soknerådsvalet.
Leveld
Torpo
Ål
Trykk på lenken under får å sjå kandidatane i bispedømmevalet.
Tunsberg bispedømme
Slik stemmer du:
I kyrkjevalet kan du forhandstemme digitalt eller fysisk. På valdagane kan du stemme fysisk.
Du kan forhandstemme digitalt frå 10. august på kirkevalget.no
Det er og mogleg å forhandstemme over heile landet, sjå kirkevalget.no.
Her kan du forhandstemme i Ål:
Kyrkjekontoret:
10.08.2023-08.09.2023 31.08.2023
kl.09:00 - 14:00 kl.15:00 – 20:00
Alle kvardager bortsett frå måndag
Du kan stemme i etter gudstenesten:
Leveld kyrkje 27.08.2023 Torpo kyrkje 03.09.2023
kl. 12:00 – 13:00 kl. 12:00 – 13:00
Ål kyrkje 03.09.2023
kl: 20:00 –21:00
Valdagane i Ål er som følgjer:
Ål sokn: Leveld sokn:
10.09.2023 kl 15:00 - 19:00 og 11.09.2023 kl. 10:00 – 20:00
11.09.2023 kl. 10:00 – 20:00 Leveldtun
Ål kulturhus Nordbygdvegen 950
Myren 4
Torpo sokn:
11.09.2023 kl.10:00 – 20:00
Torpo skule Skulebakken 3