Høyring nye gravplassvedtekter


Høyring nye gravplassvedtekter


Høyring nye gravplassvedtekter 2026 for Ål kommune

Ål kyrkjelege fellesråd er gravplassmyndigheit i Ål kommune og fastset vedtektene for gravplassane i Ål kommune. Fellesrådet sender hermed ut forslag til nye vedtekter på høyring. Vedtektene kan lesast i sin heilheit på nettsidene aal.kyrkja.no Det er også mogeleg å kome innom kyrkjekontoret og lese vedtektene på papir.

Frist for å gje innspel er sett til 9. juli 2026. Høyringssvar sendast til post.aal@kyrkja.no

Etter høyringa skal vedtektene endeleg godkjennast av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark før dei publiserast på Lovdata.

Gravplassvedtektene for Ål kommune vart sist endra i 2023. Dette nye utkastet behandla i fellesrådet 28. april 2026 tek utgangspunkt i dei førre vedtektene, der malen frå Statsforvaltar har ligge til grunn, og det er lagt inn nødvendige oppdateringar som inkluderer namna minnelund, samt nokre språklege oppdateringar. Innhaldsmessig er det inkludert endra festeperioder frå 10 til 5 år (§6), vedtak om forbod mot lause talglykter (§8), namna minnelund inkludert festetid (§11), samt symbolsk flytting og ekstra namn på minneplata (§12).

Kristoffer Krohn Sævre
Kyrkjeverje

Vedtektene frå 2023: Forskrift om gravplassvedtekter, Ål kommune, Buskerud - Lovdata

 

Utkast til nye vedtekter - no på høyring: 

FORSKRIFT OM GRAVPLASSVEDTEKTER, ÅL KOMMUNE, BUSKERUD

Heimel: Fastsett av Ål kyrkjelege fellesråd 28. april 2026 med heimel i lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 fyrste ledd , § 8 fyrste ledd og § 14 fyrste ledd og forskrift 10. januar 1997 nr 16 til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplassforskrifta) § 15a fjerde ledd.
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark (dato) jf. (gravplassloven ) § 21 fyrste ledd.

 

§ 1 FORVALTNING

Ål kyrkjelege fellesråd er gravplassmyndigheit i Ål kommune. Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet.

 

§2. FORKLARING AV ORD OG BEGREP

Frigrav

Grav som fellesrådet har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredningstida.

Festa grav

Grav som det er inngått eller fornya festeavtale for, jf. gravplasslova § 14.

Festa gravstad

Fleire kistegraver som er festa saman.

Ordinær urnegrav

Grav til oskeurne med plass til fire urner, jf. gravplassforskrifta § 14.

Urnegrav i minnelund

Grav til oskeurne i minnelund med plass til éi urne.

Kistegrav

Grav som ivaretek forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.

Fredningstid:

Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk att til ny gravlegging.

Festetid

Tida det er avtala å feste ei grav for.

Festar

Den som står som part i ein festeavtale.

Gravansvarleg

Den som er ansvarleg for ei tilvist grav.

Namna minnelund

Urnegravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.

 

§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE

Besøkande skal så langt som mogeleg ferdast gåande, jf. gravplassforskrifta § 9. Fellesrådet kan etter søknad tillate motorisert ferdsel ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.

 

§ 4. GRAVPLASSTILHØYRING

Alle som har heimstadrett i kommunen har rett til fri gravplass så framt grava er tilvist av fellesrådet. Kva for gravplass ein ynskjer å bruke (Leveld, Torpo, Ål) er fritt val.

Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava er tilvist.

Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt. For desse blir det kravd festeavgift også i fredningstida.

 

§ 5. FREDNINGSTID OG STENGING FOR KISTEGRAVLEGGING

Fredningstid for kiste- og urnegraver er 20 år.

For felt K og L på Torpo kyrkjegard er fredningstida 30 år for kistegraver.

Grav nr. D 02.001 – 010 og D 01.015 – 017 på Torpo gravplass, og felt E på Leveld gravplass, er stengt for kistegravlegging, men kan brukast til urner.

 

§ 6. FESTE AV GRAV MED MEIR

Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av. I særskilte høve kan det etter søknad til fellesrådet festast to graver ved sidan av. Desse gravene utgjer då éin gravstad.

Ved bruk av ordinær urnegrav kan det ikkje festast grav i tillegg. I namna minnelund kan det festast ei grav ved sidan av – sjå §11.

Når festetida er ute, kan grava/gravstaden bli festa for nye 5 år. Når det er gått 80 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå fellesrådet.

I god tid før festetida er ute skal festaren eller gravansvarleg bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan bli gravlagt i grav/gravstad utan festaren eller gravansvarleg sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av grav, kan fellesrådet ta avgjersle om gravlegging.

Festar pliktar å melde adresseendring.

 

§ 7. GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Fellesrådet sørgjer for istandsetting att, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter at gravlegging har funne stad.

Montering av gravminne kan først skje etter at fellesrådet har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Gravminne kan tidlegast monterast 3 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. Ved gravlegging av kiste om vinteren, kan gravminne monterast tidlegast 1. juni.

På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast sentrert i bakkant av gravstaden. For felt S, T og U på Ål og felt N på Torpo skal nye gravminne monterast på venstre grav.

Maksimal storleik på gravminne følgjer gravplassforskrifta § 23 og § 24.

Alle gravminne – også natursteinar – skal stå på sokkel og vere bolta med 2 boltar jf. gravplassforskrifta.

Festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.

 

§ 8. PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet og kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.

Det er høve til å tenne lys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern og lysa er festa eller plassert i ei lukka lanterne som fuglar ikkje klarer å handtere. Lause talglykter er forbode. Lys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk. Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman. Det er ikkje lov med lause steinar som innramming.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller andre materiale.

 

§ 9. PLANTEMATERIALE

Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbare.

 

§ 10. STELL AV GRAV

Festar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for.

Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av fellesrådet.

Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd, eller den som får løyve til det etter § 14, kan utføre planting og stell av grav (samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.

 

 § 11. NAMNA MINNELUND

Ved urnenedsetting i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei minneplate på felles minnesmerke, sjå § 12.

Grav i minnelunden kan festast etter fredningstida, men ikkje lengre enn 40 år etter gravlegging. Etter den tid blir minneplata teken hand om av festar eller blir destruert. Fellesrådet kan gje dispensasjon til feste utover 40 år.

Ein kan feste ei grav i tillegg mot at det blir betalt festeavgift frå det tidspunktet den fyrste grava blir teke i bruk. Ved feste av grav i namna minnelund , vil ikkje nødvendigvis gravene kome ved sida av kvarandre, men namna blir påført same minneplate.

Avgift for bruk av namna minnelund blir betalt frå det tidspunktet grava blir teken i bruk. Avgifta dekker kostnadar til namneplate, felleskostnadar til minnesmerke og felles planting og stell.

Fellesrådet har ansvaret for felles planting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund.

Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys på tilvist stad så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern (jf. §8).

 

§ 12 MINNEPLATE

Minneplatene skal innehalde:

  • Namn på avdøde, fødselsår og dato samt dødsår og dato
  • Det kan vera to namn på ei minneplate
  • Det er ikkje høve til å nytte symbol på namneplata

Minneplata skal bestillast og monterast av fellesrådet.

Ved nedsetting i namna minnelund kan det etter søknad til fellesrådet påførast eitt ekstra namn sjølv om avdøde er gravlagt ein annan stad. Det må vere plass på same minneplate, og namnet må samtidig fjernast frå det opphavlege gravminnet.
 

§ 13 VERN OG BEVARING

På følgande gravfelt og graver er det vedteke vern av gravminne og gravutstyr:

• Gravfelt A ved Ål kyrkjegard

• Gravfelt A,B,C,D og E (rundt stavkyrkja) ved Torpo Kyrkjegard

Verneplanen føreset at det skrivast ein avtale om vern med festar/ansvarleg for grav. Før ein kan inngå ei avtale, må verneplanen gjerast kjent.

På gravfelt A ved Ål kyrkjegard og gravfelt A,B,C,D og E (rundt stavkyrkja) ved Torpo Kyrkjegard kan det setjast opp nye gravminne. Nye gravminne må vera i samsvar med felta sin eigenart.

Namnetilføyingar på gravminne som er vedteke verna, kan gjerast på skriftflata, eller på baksida av gravminnet. Om det ikkje er mogeleg å legge til fleire namn og data, kan det monterast ei liggjande namneplate av same materiale og med same overflatebehandling som gravminnet på den aktuelle gravstaden. Storleik og plassering skal i kvart einskilt tilfelle godkjennast av gravplassmyndigheten.

Festar/ansvarleg for grav sørgjer for vedlikehald av gravminne og gravutstyr som er verna. Gravminne og gravutstyr som er verna, kan ikkje bli flytta, endra eller erstatta av nytt materiale.

 

§ 14. BÅREROM

Fellesrådet disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på døde i tida fram til gravferda, og til urner. Ingen har tilgang utan løyve. Syning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

§ 15. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå fellesrådet. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.

Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne samt planting og stell av graver.

 

§ 16. ARBEID PÅ OG VED GRAVPLASSANE

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-21.00 og fram til kl 17.00 laurdagar) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

 

§ 17. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

Fellesrådet kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravplasslov og gjeldande forskrifter fråvike §§ 4 – 8 og 11-12 i vedtektene.

 

 § 18. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjering. Frå same tid blir vedtekter av 11. mai 2023 nr. 697 i Ål kommune, Buskerud, oppheva.

Tilbake