22.- 24. juni vert det BUK -22!
BLI MED PÅ FERIEDAGAR I KYRKJA
fellesskap – skaparglede – latter- vennskap - leik
For deg som er ferdig med 1. trinn – 4. trinn. Juniorleiarar (frå 5.trinn)
BLI MED PÅ FERIEDAGAR I KYRKJA
fellesskap – skaparglede – latter- vennskap - leik
22. – 24. juni 2022
For deg som er ferdig med 1. trinn – 4. trinn. Juniorleiarar (frå 5.trinn)
Bli med på trivelege dagar fylt med song, leik,
frisbeegolf, fisking, bibelforteljingar, tur mm.
Torsdag er me på museet alle saman.
Det vert tre grupper å velje mellom onsdag og fredag
- Frisbeegolf –sykling – fotball
- Kunst
- Tur - fisking - hund
Samlingane har base i Ål kyrkje og kyrkjestugu frå kl 9.00-15.00
Torsdag 23. dreg me på tur til Ål bygdemuseum. Då er me
ute heile dagen, får sjå oss rundt på museet og vere med
på leik og ulike aktivitetar.
Påmelding innan 6.juni til:
E-post: ingvild.kringlebotten.stautland@hallingnett.no
Me treng:
Namn, adresse, telefon mor/far, e-postadr, klassetr, skule
Kva gruppe du vil vere på onsdag og fredag. Du kan velje den same begge
dagane, eller to ulike onsdag og fredag.
Allergiar eller andre ekstra behov me treng å vite om.
Pris kr 300 pr deltakar.
Etter påmeldingsfristen aukar prisen til kr 400.
(Juniorleiarar kr 200,-) Det vert praktisert venteliste.
Betal inn til 2320.20.37992 Merk med namn og BUK 22
Barna får frukt og liknande kvar dag. Ta med niste.
Har de eldre søsken eller andre de veit om som vil vere med som juniorleiarar- meld dei på!
Helsing leiar-gjengen for BUK-2022
Ingvild K. Stautland, Hilde Kirkebøen, Johanne Marie Jorde,
Knut Olav Kolbjørnsen, Ingrid K. Hahjem, Hanne Thorset, Kari Brye, Øystein Kilde m.fl