Konfirmantar 2026-2027


Konfirmantar 2026-2027


No er det din tur! 

Neste år kan du feire din konfirmasjon i kyrkja.  

Velkommen som konfirmant i Leveld, Torpo eller Ål kyrkje!  

 

Det er ganske spesielt å vere menneske...

I konfirmanttida er det rom for å utforske ulike sider av livet saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru og tvil, om Gud og den verda du er ein del av. Vi håper du vil vere konfirmant hos oss!

 

KVA ER KONFIRMASJON?

Ingen lever isolert eller berre for seg sjølve. Alle er vi een del av noko større. Mykje i livet er bevegeleg og usikkert, men midt i livet står noko fast. I dåpen gir Gud oss sitt løfte om å vere med oss alle dagar. I liv og død er vi omslutta av Guds kjærleik og nåde.

 

Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk».

 

Konfirmasjonen er ein spesiell dag, både for deg, familien din og for heile kyrkja.

 

KONFIRMASJON ER FOR ALLE

Kyrkja i Ål ønsker alle velkomen til konfirmantførebuing – uansett kven du er eller kva som er viktig for deg.

Som menneske er vi alle forskjellige og vi treng ulike tilpassingar. Vi ønsker å gje deg ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med oss. Saman finn vi løysingar.

 

INNHALDET I KONFIRMANTTIDA

Det viktigaste med konfirmanttida er å vere ein del av eit fellesskap. Gjennom samlingar vil du bli betre kjent med kristendommen, slik den kjem til uttrykk i vår kultur og tradisjon. Emna vi jobbar med angår alle menneske. Vi blir fødd og vi døyr. Vi møter kjærleik, glede, sorg og tap. Å lære om dei kristne grunnverdiane vil utfordre deg til å tenkje og handle sjølvstendig.

 

Konfirmantåret har tre byggeklossar:

1: Samlingar tysdag eller onsdag i Ål kyrkje og Kyrkjestugu (til saman 10 ettermiddagar)

2: Å hjelpe andre: ei periode haust og vår er alle med og legg til rette for anten born eller endre.

3: LEIR! Kvart år reiser vi på tur saman og opplever mykje moro. Meir info på foreldremøtet.

 

KONFIRMASJON OG DÅP

Er du ikkje døypt? I så fall er du ikkje åleine. Kvart år blir ungdom døypt i forkant av konfirmasjonen. Du vil få god informasjon på førehand. På sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.

Det er berre å melde seg på og bli med på samlingane. I samarbeid med konfirmanten og familien avtaler vi dåp i god tid før konfirmasjonen.  

 

KONFIRMASJONSDATOAR I 2027, MELD DEG PÅ HER

Ål kyrkje:.  

Lørdag 22.mai kl 11.00

Lørdag 5.juni kl 11.00

Torpo kyrkje:

Sundag 23.mai kl 11.00

Leveld kyrkje:

Sundag 6. juni kl 11.00

 

 

 

Helsing alle oss som jobbar i kyrkja i Leveld, Torpo og Ål sokn 

Tilbake