Konfirmantar 2023


No er det din tur! 

Neste år kan du feire din konfirmasjon i kyrkja.  

Velkommen som konfirmant i Leveld, Torpo eller Ål kyrkje!  

 

 

Det er ganske spesielt å vere menneske...

I konfirmanttida er det rom for å utforske ulike sider av livet saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru og tvil, om Gud og den verda du er ein del av. Vi håper du vil vere konfirmant hos oss!

 

KVA ER KONFIRMASJON?

Ingen lever isolert eller berre for seg sjølve. Alle er vi een del av noko større. Mykje i livet er bevegeleg og usikkert, men midt i livet står noko fast. I dåpen gir Gud oss sitt løfte om å vere med oss alle dagar. I liv og død er vi omslutta av Guds kjærleik og nåde.

 

Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk».

 

Konfirmasjonen er ein spesiell dag, både for deg, familien din og for heile kyrkja.

 

KONFIRMASJON ER FOR ALLE

Kyrkja i Ål ønsker alle velkomen til konfirmantførebuing – uansett kven du er eller kva som er viktig for deg.

Som menneske er vi alle forskjellige og vi treng ulike tilpassingar. Vi ønsker å gje deg ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med oss. Saman finn vi løysingar.

Det er også tilbod gjennom Døvekyrkja (https://dovekirken.no/Kontakt/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/99/D-216-V-H-216-RSELSHEMMET-KONFIRMANT) og eit Samisk konfirmantleirtilbod (https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/samisk-kirkeliv/barn-og-unge/samisk%20konfirmantleir%20-%20generell%20informasjon/

 

INNHALDET I KONFIRMANTTIDA

Det viktigaste med konfirmanttida er å vere ein del av eit fellesskap. Gjennom samlingar vil du bli betre kjent med kristendommen, slik den kjem til uttrykk i vår kultur og tradisjon. Emna vi jobbar med angår alle menneske. Vi blir fødd og vi døyr. Vi møter kjærleik, glede, sorg og tap. Å lære om dei kristne grunnverdiane vil utfordre deg til å tenkje og handle sjølvstendig.

 

Konfirmantåret har tre byggeklossar:

1: Samlingar tysdag eller onsdag i Ål kyrkje og Kyrkjestugu (til saman 10 ettermiddagar)

2: Å hjelpe andre: ei periode haust og vår er alle med og legg til rette for anten born eller endre.

3: LEIR! Kvart år reiser vi på tur saman og opplever mykje moro. Meir info på foreldremøtet.

 

KONFIRMASJON OG DÅP

Er du ikkje døypt? I så fall er du ikkje åleine. Kvart år blir ungdom døypt i forkant av konfirmasjonen. Du vil få god informasjon på førehand. På sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.

Det er berre å melde seg på og bli med på samlingane. I samarbeid med konfirmanten og familien avtaler vi dåp i god tid før konfirmasjonen.  

 

Påmelding på nett frå 1. mai - Påmeldingsfrist 1. august

Det blir foreldremøte i slutten av august og veka etter startar samlingane opp.

 

PÅMELDING Gå inn på www.aal.kyrkja.no Fyll ut skjemaet for konfirmantpåmelding. Dersom du ikkje er sikker på alt som skal fyllast inn, skriv det du veit og sender inn. Vi kan ordne det som manglar seinare.

Ver nøye med å skrive rett  Mailadresse og mobilnummer til alle som har det. 

Vi arbeidar med å halde kostnadane nede. Meir info om konfirmantavgifta kjem på foreldremøte. Ingen skal velje bort konfirmasjon på grunn av økonomi! 

 

VIKTIGE DATOAR:  

Møte for foreldre/føresette 24.august kl.18.00 i Ål kyrkje 

Konfirmantpresentasjon:  

Leveld: 4.9.kl.1100  

Ål: 4.9. kl.1800  

Torpo: 11.9. kl.11.00 

 

KONFIRMASJONSDATOAR I 2023

Ål kyrkje:.  

Sundag 14. mai

Laurdag  3. juni

Torpo kyrkje:

Sundag 7. mai

Leveld kyrkje:

Sundag 4. juni

 

FORTSATT USIKKER?

Snakk med vener, søsken, familie eller nokon som allereie er konfirmert.

Har du spørsmål, kan du kontakte oss. Sokneprest Geir Wiknes er kontaktperson for konfirmantane og svarar på mail; geir.wiknes@hallingnett.no

 

Helsing alle oss som jobbar i kyrkja i Leveld, Torpo og Ål sokn og prest Geir Wiknes

Tilbake