Ål kykjelege fellesråd søkjer etter kyrkjelydspedagog i inntil 100% stilling


Har du lyst til å jobbe med born og ungdom? Ynskjer du å jobbe med konfirmantar og trusopplæring i ei engasjert folkekyrkje? Då er dette jobben for deg!

 

Me søkjer ein engasjert person til å leie kyrkja sitt arbeid med å skape gode møteplassar for born og unge, utvikle kyrkja sitt tilbod for born mellom 0 – 18 år og leggje til rette for samarbeid mellom barnehage og skule.

 

Arbeidsoppgåver:

• Være med på å utvikle sokna sine trusopplæringstiltak for born og unge fra 0-18 år.

• Kyrkje – skule – samarbeid med sokna sine skular

• Barnehagesamarbeid

• KiA arbeid

• Delta i konfirmasjonsundervisning

• Sekretær for trusopplæringsutvalet

• Halde kontakt med sokneråd og frivillige innan området kyrkjeleg undervisning/trusopplæring/borne- og ungdomsarbeid

• Delta i tverrfagleg samarbeid i staben og med andre trusopplærarar i prostiet.

• Rekruttere frivillige

 

Kvalifikasjoner

• Kvalifikasjonar innan følgjande fagområda : kristendom, kateketikk, pedagogikk

• Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis, kan og bli vurdert

• Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vert lagt vekt på ved tilstetjing

• God IT-kompetanse

• Medlem i Den norske kyrkja

• Gyldig politiattest må leggjast fram

• Må disponerer eigen bil

• Kyrkja i Ål nyttar nynorsk som målform

 

Personlege eigenskapar

• Gode relasjonelle eigenskapar i møte med born og unge, kollegaer og frivillige

• Kreativ, nytenkjande og sjølvstendig

• Strukturert og gode eigenskapar til å administrere sokna sitt undervisningsarbeid

• Gode ferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg

• Kvelds- og helgearbeid må ein rekne med

 

Me tilbyr:

• Ei spennande og variert stilling med mangfald av aktivitetar

• Eit godt kollegafellesskap, gode kontor og arbeidslokaler

• Stor fridom til å være med på å forme stillinga vidare for å møte dagens barn og unge

• Lønn etter avtale og arbeidsvilkår i henhold til kyrkjeleg tariffområde

• Medlemskap i pensjonsforsikring KLP

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om

 

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte kyrkjeverje Trond Augunset tlf 900 66 256

Søknad med CV sendes til Ål kyrkjelege fellesråd på e-post: aal.kyrkje@hallingnett.no eller Ål kyrkjelege fellesråd, PB 140 3571 ÅL.

Søknadsfrist: 3. juli

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Tilbake