Leveld, Torpo og Ål sokn sitt Misjonsprosjekt 2022-2024


LANDBRUKSSKULER

STIPEND TIL FATTIGE!

Norge toppar lista over verdas rikaste land.Madagaskar er det femte fattigaste landet i verda

 

 

 

KVA bidreg NMS til på madagaskar?

Det Norske Misjonsselskap, NMS, samarbeider med Den gassisk-lutherske kyrkja, FLM. Dette er ei av dei kyrkjene i verda som veks raskast. Kyrkja arbeider for å betre levekåra for folk på landsbygda og i byane. Eit viktig arbeid er knytta til landsbyutvikling i fire særs fattige landområder. Det omfattar landbruk, miljø, helse, utdanning og kvinner sine rettar.

UTDANNING

NMS har teologisk utdanning og bibelskuler på Madagaskar. Dei har òg skuler for syns- og hørselshemma. Vi har vald å støtte utdanning innan jordbruk. Dette er viktig med tanke på den store fattigdommen i landet. Innbyggarane driv hovudsakleg med landbruk og kveg. Landbruket er tradisjonelt, utan system for vatning og gjødsel. Dei er heilt avhengig av regn. Dei siste åra har det regna mindre enn normalt, og det er no stor risiko for sultkatastrofe.

 

Verda sitt matvareprogram gjekk tidleg ut og sa at dette skuldast klimaendringar. Det er ei viktig del av sanninga, men òg ei forenkling. NMS vil mobilisere landbruksskulene og støtte nye metoder for matlaging.  Folk må lære å ta vare på skog og åkrar, og hindre at ørkenen spreier seg og utarmar jorda.

 

STIPEND

Eit eige stipendprosjekt legg til rette for at fattige og sårbare ungdommar kan få utdanning på kyrkja sine fagskuler. Sjølv om studieplassane er subsidiert, er det for dyrt for mange som kjem frå underprivilegerte grupper. Ved å få stipend, kan særs fattige få utdanning innan sjukepleie, pedagogikk og landbruksfag. I tillegg til lærarskule og yrkesfagleg utdanning for syns- og hørselshemma.

 

TO LANDBRUKSSKULER

LandbruksskuleneTombontsoa på Antsirabe, og Fihaonana i Vohopeno, samarbeider med NMS. Støtta gjer det mogeleg å ha om lag 150 studentar buande på internat på skulen. Studentane kjem frå fattige kår. Gjennom undervisning og praksis får dei lære korleis dei kan drive effektiv og god gardsdrift og husdyrhald. Samstundes som dei blir introdusert i miljø- og klimapolitikk. Skulene har totalt over fem hundre studentar.                        Dei fleste bur heime og betalar skulepeng.

Det har òg vore mykje innovasjon og kreativitet på skulane. M.a. kyllingproduksjon                        og fiskeoppdrett. De siste åra har dei òg planta mykje vanilje, kryddernellik og kaffe. Salet gjev inntekter som brukast til å investere og forbetre verksemda.   

 

 

            https://mapsopensource.com/images/madagascar-map.gif                      https://cdn11.bigcommerce.com/s-w6fxwapwzi/images/stencil/1280x1280/products/2547/5366/2x3-madagascar-flag-image__80318.1582735751.jpg?c=1

   FAKTA OM MADAGASKAR

  • Innbyggartall: Cirka 27 millioner
  • Religion: 52 % kristne, 41 % tradisjonelle religionar, 7 % muslimar
  • Styresett: Republikk. Stadig politisk uro.
  • Næringsvegar: Ca 80 % er sysselsett innan landbruk, skogbruk eller fiskeindustri.                                   Noko turisme.
  • Levekår: Landet er rikt på naturressursar, men innbyggarane er blant verdas fattigaste. Ein av tre er analfabetar. 65 % av borna går på skule. Halvparten av born under fem år er underernærte.
    Kjelder: www.fn.no med fleire

 

KORLEIS KAN VI BIDRA? 

 

Få informasjon og inspirasjon gjennom magasinet MT - Misjonstidende .Eit gratis tidsskrift frå NMS

 

Gje ei gåve til misjonsprosjektet ved takkoffer i kyrkjene

 

Registrere fast gjevarteneste (sjå nedanfor). Då får du bidra økonomisk gjennom året, òg om du ikkje er i kyrkja når det er ofring til prosjektet

 

Invitere vener på middag og sette ein ‘gåvepris’ på middagen

Vi kan òg vere kreative og bidra på andre måtar.Til dømes ved å la ei åremålsgåve gå til misjonsprosjektet, ei utlodding, bruktsal eller anna

 

 

SLIK BLIR DU FAST GJEVAR:

Du kan registrere ein fast månedleg trekk til konto nr 2320.15.52893 i din nettbank.For å få fradrag på skatten, skriv du personnummer på tekstlinja nedanfor.Om du ikkje har nettbank, kan du få registrert fast trekk i banken.

 

Tilbake