KAN DU TENKJE DEG Å VERE KYRKJEVERT ELLER KLOKKAR?


Vi treng fleire frivillige i Leveld, Torpo og Ål kyrkje.Det er viktig å møte ein person som ynskjer ein velkomen når ein kjem til kyrkja!

Å verre frivillig er å bidra på dugnaden for at dei som kjem til kyrkja i kvardag og fest skal få oppleve å bli møtt med eit smil. Som klokkar eller kyrkjevert blir du sett opp på teneste tre-fire gonger i halvåret. Ein møter ein halvtime før gudstenesta tek til og går gjennom gudstenesta saman med dei andre som gjer teneste. Kyrkjeverten finn fram gudstenesteprogram og salmebøker, og deler det ut til dei som kjem. Klokkaren les tekstar og bøner og bistår presten og konfirmantane som deltek gjennom konformantåret. 

Vil du bidra? Du får opplæring og oppfølging. 

I så fall kan du ringe Ål kyrkjekontor. Telefon 90 71 37 66 eller sende ein mail til et429@kyrkja.no

 

 

Tilbake