Kyrkjelydspedagog 80% vikariat . Diakonimedarbeider 20% vikariat


1.august – 30. april for begge stillingane.

Søknadsfrist 12. mai

 

-Etter avtale kan søkjaren ta til noko før.

Kyrkja i Ål er ei aktiv folkekyrkje med arbeid innan alle aldersgrupper. Me har eit bra arbeidsfellesskap, og diakoni og trusopplæring er ein integrert del av det kyrkjelege arbeidet. Det er gode kontor og arbeidslokalitetar.

Det er utarbeida overordna og lokale planer for trusopplæring og diakoni.

Fellsrådet søkjer ein person som har kompetanse innan eitt eller fleire av fylgjande fagområde:

· Kristendom

· Diakoni

· Kateketikk

· Pedagogikk

· Musikk

· Dans/drama

· Forming, eller andre relevante fag.

 

Fellesrådet vil leggje vekt på personlege eigenskapar som:

· Motivasjon for kyrkjeleg teneste.

· Kreativitet

· Struktur og framdrift

· Evne og vilje til å arbeide tverrfagleg i team

· God skriftleg og munnleg formidlingsevne

 

Det er krav om at søkjaren må vera medlem i Den norske kyrkja, men ein kan søkje biskopen om dispensasjon frå regelen.

Meir om stillinga hjå kyrkjeverje Kjellfred Dekko tlf 926 41 198

Søknad med CV og referanser kan rettast til Ål kyrkjelege fellesråd på e-post: aal.kyrkje@hallingnett.no

Tilbake