Sorggruppe


Startar opp i Ål kyrkje i november.

Døden kan kome brått, andre gonger meir venta. Men å miste nokon i nær relasjon vekkjer tankar og kjensler hjå oss. Å setje ord på dette kan vere til hjelp. Dette er ei gruppe der me kjem saman for å gje rom for sorga, støtte og hjelpe kvarandre. Leiarane og deltakarane har teieplikt. Ein bestemme sjølv kva ein vil dele i gruppa.

Det vil vere ei enkel samtaleform rundt ein kopp kaffe og te. Me tek utgangspunkt i aktuelle tema og temaer deltakarane i gruppa ynskjer å ta opp. Alle får mulegheit til å snakke om sine opplevingar.

 

På fyrste samling bestemme møtedagar og tidspunkt for samlingane framover.

Påmelding til kyrkjekontoret: 32 08 61 61 eller til diakon 40 45 57 83 (ring også om du har smørsmål, eller ynskjer ei samtale /besøk.

Dersom det blir færre enn 4 påmeldte vert det ikkje gruppe.

Hilde Kirkebøen, diakon

Vigdis Moen Storhaug, sokneprest

Tilbake