Etter skuletid - «Trygg, sett, inkludert og utfordra»


Velkommen til «Etter skuletid» kvar mandag Kl. 14.00 – 15.30 i Ål kyrkjestugu. Aldersgruppe: 4.-7. trinn. Innhald: Ein liten matbit, leksehjelp og aktivitetar.

 

Verdiane som ligg til grunn

Vi som leier Etter skuletid ønsker å skape ein verestad der barna kjenner seg trygge, inkludert og sett av vaksne og kvarandre. Vi er formidlarar av varme verdiar. «Etter skuletid» er ikkje trusopplæring, men verdiane gjennomsyrar alt vi gjer.

Kvar ”Etter skuletid” inneheld inspirasjon når dei kjem og ei oppsummering som avslutning. Her snakkar vi om varme verdiar, oppmuntrar kvarandre og kan mellom anna tenne lys for nokon vi er glad i. Viss nokon vil inn i kyrkja for å tenne eit lys i lysbåten, har dei også høve til det i lag med ein av leiarane. Vi pratar om det som gir glede og det som kan vere vanskeleg

 

Kva skjer på "Etter skuletid"?

registrering

enkel matbit og kort"inspirasjon samling"

leksehjelp

Vi set av tid til lekser/lesetid med fleire pedagogar tilgjengelig.  Vi brenn for god leksehjelp og at alle skal komme godt i gang med det dei skal gjere denne veka. Me har og mulighet til å bruke tid på å fylle faglige hol som eventuelt kjem fram.

* aktivitet ute og inne

Her ynskjer me å legge tilrette for ulike aktivitetar, veldig gjerne med innspel frå de som kjem. Det kan td vere leikar, spel, skapande aktivitetar med ulikt materiale, fotball, uteleik, sykling og kløyving av ved.

avslutning med "oppsummering" 

 

Tilbake