Ei ny organisering i Den norske kyrkja


Ei ny organisering i Den norske kyrkja


Medlemmer i bispedømmerådet og på Kyrkjemøtet, Inga Stoveland Dekko og Øystein Lappegard, begge frå Ål, ynskjer lokale innspel om korleis Den norske kyrkja skal organiserast. Dei er med og avgjer saka. Her er deira orientering.

 

Bakgrunn

Det går føre seg ei omfattande drøfting av organiseringa i Den norske kyrkja. Kyrkja har skilt lag med staten og etter den nye lova om trus- og livssynssamfunn frå 1. jan. 2021 har kyrkja rett til å vedta si eiga organisering.

Kyrkja har ein kompleks organisasjon. Frivillige og tilsette arbeider hand i hand, rollene til folkevalde organ (bispedømmeråd og sokneråd) skal balanserast opp mot biskopen og prestane sine roller. Særleg vanskeleg har det vore at prestane og dei andre tilsette i kyrkja har hatt kvar sin arbeidsgjevar, - prestane vert tilsett av bispedømmerådet, dei andre tilsette (til dømes kyrkjeverje, organist, diakon, kyrkjetenar) av det lokale fellesrådet. Det vert peika på at ein mange stader får små og sårbare arbeidsmiljø, det kan vera vanskeleg med styring, konflikthandtering og rekruttering.

Kyrkjemøtet (kyrkja sitt storting) har bede Kyrkjerådet (kyrkja si regjering) om å utgreie og koma med framlegg til ei ny organisering av kyrkja. Kyrkjerådet sette derfor hausten 2019 ned eit hovudutval med fire arbeidsgrupper og ga desse eit mandat for utgreiinga. Desse la fram arbeidet sitt 31. mars i år. Det vert no lagt opp til ei brei høyring der kyrkjerådet vil innhente synspunkt på framlegga. Høyringsfristen er 1. desember i år. Hovudrapporten er på 130 sider, men kyrkjerådet har sendt ut eit høyringsnotat som både set hovudrapporten inn i ein større samanheng og som kjem med konkrete spørsmål til høyringsinstansane. Og høyringsinstansane er mellom anna sokneråd og kommunar. Men også einskildpersonar kan gje høyringsuttale. Både rapporten og informasjonsmateriell kan ein finne på denne lenka: Kirkelig organisering - Den norske kirke (kirken.no)

Det er viktig å merke seg at mandatet for utgreiinga sette visse rammer. Kyrkjerådet bad hovudutvalet om  å utgreie ein modell der alt arbeidsgjevaransvar for alle tilsette vart samla i eit nytt organ på prostinivå. Tanken var at eit organ på prostinivå ville vera nært nok til lokalmiljøet, men samtidig stort nok til å kunne vera ein profesjonell arbeidsgjevar. Dette er ei løysing som av mange vert sett på som interessant, men som ikkje er vedteke korkje av kyrkjerådet eller kyrkjemøtet.

 

Hovudutvalet sin rapport

Vi skal her kort gå gjennom dei viktigaste framlegga i rapporten. I ei rekke av dei spørsmål rapporten kjem med framlegg til løysingar på, er innstillinga delt i fleirtal og mindretal i utvalet. Men alle er samde om dei målsetjingane ein skal ha for ei ny kyrkjeleg organisering:

  1. Folkekyrkja skal vera til stades i heile landet.
  2. Soknet er kyrkja si grunneining.
  3. Roller og mandat skal avklarast, - både for folkevalde, frivillige og tilsette.
  4. Det skal vera god leiing på alle nivå.
  5. Kyrkja skal nytte sine ressursar godt, ein skal unngå dobbeltarbeid, samle kompetanse og styrke kyrkja sitt arbeid lokalt.

Sokneråd

Sokneråda skal i det store og heile vera uendra. Såleis vert val til soknerådet som før og arbeidsoppgåvene om lag dei same. Sokneråda skal framleis ha høve til å vera arbeidsgjevar for tilsette der soknet har samla inn midlar til stillinga. Dette må avklarast nærare med det nye prostifellesrådet. Alle soknerådsmedlemene skal ein gong i året delta i eit prostimøte, der vil ein møte andre sokneråd og prostifellesrådet.

 

Prostifellesråd

Prostifellesrådet skal erstatte dagens fellesråd og overta fellesrådet sine arbeidsoppgåver. Med dette forslaget vil både kyrkjeverjer og prostar få endra arbeidssituasjon. Prostifellesrådet skal etter fleirtalet i hovudutvalet si meining, vera arbeidsgjevar for alle tilsette i prostiet, både prestane og dei andre tilsette. Prostifellesrådet skal ha medansvar for å «vekke og nære» det kristelege livet i sokna, styrke samarbeidet mellom sokna, leie det kyrkjelege arbeidet og samarbeide med kommunar i prostiet. Samansetjinga av prostifellesrådet skal bestemmast lokalt, men i prinsippet skal det vera ein representant frå kvart sokneråd. I tillegg skal det vera ein geistleg representant.

 

Samarbeidet med kommunane

Både Stortinget og Kyrkjemøtet har vedteke at finansieringa av Den norske kyrkja framleis skal vera todelt, om lag 1/3 frå staten og 2/3 frå kommunane. I sitt forslag går eit stort fleirtal i hovudutvalet inn for at kommunane skal ha ein representant i prostifellesrådet. Men hovudutvalet er likevel delt på om denne representanten skal ha full stemmerett eller ikkje.

 

Dagleg leiing i prostiet

Prostifellesrådet skal ha ein administrasjon med ei dagleg leiing av kyrkja sitt arbeid og samarbeid. Den daglege leiinga får ansvaret for ei rekke tilsette med ulik kompetanse og fordelt på fleire kontor/ arbeidsplassar. Arbeidsgjevaransvaret inneber ansvar for rekruttering, tilsetjing og oppfølging, lønns- og arbeidsvilkår og ansvar for arbeidsmiljø og konfliktløysing.

Hovudutvalet har tre løysingsmodellar for den daglege leiinga:

  1. Det vert utlyst ei leiarstilling. Avhengig av kompetanse på tilsett leiar bør ein nestleiar i stab ha komplementær kompetanse – kyrkjefagleg eller administrativ (eit fleirtal støttar denne løysinga).
  2. Det vert ein administrativ leiar med ein prost i stabsfunksjon (eit lite mindretal meiner dette).
  3. Det skal vera to likestilte leiarar, ein administrativ leiar og ein kyrkjefagleg leiar, tilsvarande den ordninga ein har i dag med kyrkjeverje og prost (eit større mindretal meiner dette).

Bispedømmerådet og biskopen

Bispedømmerådet og biskopen vil miste arbeidsgjevaransvaret for prestane i bispedømmet. Bispedømmerådet og bispedømmekontoret kan få eit større ansvar for strategiske val, rådgjeving, fagleg utvikling og kompetanseheving.

Hovudutvalet meiner at representantane frå bispedømmet som vert vald til å sitja i kyrkjemøtet, også skal sitja i bispedømmerådet. Men i tillegg skal kvart prostifellesråd stille med ein representant i bispedømmerådet. Biskopen skal også sitja i bispedømmerådet. Bispedømmerådet vil bli større enn i dag, men det vil vera behov for færre møter når tilsetjingssakene blir borte.

Biskopen si rolle som kyrkjeleiar og tilsynsperson må tydeleggjerast og styrkast.

 

Kyrkjemøtet

Hovudutvalet meiner at medlemene til Kyrkjemøtet skal veljast direkte i kyrkjevalet. Det er enno usikkert om dette berre vert basert på vallister eller om det vert i kombinasjon med ei nominasjonsliste. Dette ligg utanfor hovudutvalet sitt mandat. Men hovudutvalet meiner at ordninga med val av prestar og lek kyrkjelege tilsette bør avviklast – då desse kan stille til val som andre. Men biskopane skal framleis vera medlemer av Kyrkjemøtet.

 

Tre modellar

Arbeidsgjevaransvaret må forankrast i eit såkalla rettssubjekt, den instansen som er juridisk ansvarleg. Etter lovverket er det to rettssubjekt i kyrkjeleg samanheng, det er det lokale soknet og RDNK (Rettssubjektet Den norske kyrkja på nasjonalt nivå). Hovudutvalet legg fram tre ulike modellar for forankring av prostifellesrådet som arbeidsgjevar.

I modell 1 («prostimodellen») er prostifellesrådet organ for soknet og hentar sin rettslege handleevne frå soknet som rettssubjekt. Prostifellesrådet har arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette. Økonomisk vil prostifellesrådet få lønstilskot frå RDNK. Eit fleirtal i hovudutvalet går inn for denne modellen. Modellen styrkar den lokale forankringa og det strategiske styringsansvaret både for oppgåver, økonomi og personalressursar. Men modellen svekkjer samanbindinga av nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

I modell 2 («RDNK-modellen») er prostifellesrådet organ både for soknet som rettssubjekt og for RDNK. Arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette vil formelt liggja i RDNK, men vil i det daglege bli utøvd frå  prostifellesrådet. Økonomisk må soknet overføra lønnsmidlar til RDNK. Eit større mindretal i hovudutvalet går inn for denne modellen. Modellen sikrar samanbindinga av nasjonalt, regionalt og lokalt nivå og vil i større grad enn dei andre modellane kunne tenkje strategisk på eit meir overordna plan. Men modellen svekkjer den lokale handlefridomen.

I modell 3 («delegasjonsmodellen») er det formelle arbeidsgjevaransvaret delt slik som i dag, men arbeidsgjevaransvaret for prestane vil bli delegert til prostifellesrådet. Økonomisk vil situasjonen bli som i dag. Det er eitt medlem i hovudutvalet som går inn for denne modellen. Modellen vil kunne ivareta både lokale strategiske val og samordninga med nasjonalt og regionalt nivå. Men modellen står i fare for å vidareføre dagens situasjon med uklare roller, ansvar og mynde.

I høyringa ber Kyrkjerådet mellom anna om tilbakemelding på desse tre modellane.

Prosessen vidare

Høyringa er delt i tre fasar. Ei informasjonsfase som går fram til september, ei diskusjonsfase som strekker seg frå september til oktober  og ei avgjerdsfase frå oktober til november. Deretter vil Kyrkjerådet samanstille høyringssvara og gje ei tilråding til Kyrkjemøtet i 2022.

Underteikna er medlemer i Tunsberg bispedømmeråd. Vi oppmodar både frivillige, tilsette i kyrkja og sokneråda til å gå inn i drøftingar om den nye organiseringa av Den norske kyrkja med eit lyttande sinn. Her finst ingen fasit, berre gode og mindre gode løysingar alt etter kva ein vel å setja fokus på. Som medlemmer i bispedømmerådet og Kyrkjemøtet er vi bedt om å lytte til dei lokale drøftingane. Bruk oss gjerne dersom de har meiningar eller løysingar  de vil lyfte fram.

 Av Inga Stoveland Dekko og Øystein Lappegard (tekst), Birger Bolstad (foto)

 

 

Tilbake