KONFIRMASJON I KYRKJA 2021-2022


Denne invitasjonen går til alle døypte som går i 8.trinn.

 

 

 

 

KONFIRMASJON i KYRKJA 2021-2022

 

 Det var fint å møte dykk på skulen 10. juni! Eg vil tru at mange av dykk er klar for å vere kyrkjeleg konfirmant neste skuleår. Andre kan vere i tvil. Anten de er påmeldt innan fristen nedanfor, eller ikkje, er de velkomen til informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette i

 

                                Ål kyrkje torsdag 19.august kl. 18.00-19.00

 

KVEN KAN VERE MED?

Alle er velkomen som konfirmantar i kyrkja. Anten ein er døypt eller ikkje. Ein kan gjerne følgje undervisningsopplegget, og bestemme seg undervegs for om ein ønskjer kyrkjeleg konfirmasjon. Dei som skal konfirmerast må vera døypte. Vi avtaler tid for dåp i løpet av konfirmantåret.

Om nokon treng særleg tilrettelegging, er det berre å melde frå.  Så vil vi finne løysingar saman.

 

INNSKRIVING

For første gong er det i år elektronisk påmelding på nettsida til Ål kyrkjelege fellesråd.

 

www.aal.kyrkja.no                                     Påmeldingsfrist; 16. august

 

VIKTIGE DATOAR å merka seg:

 

  • Langlaurdag 16. oktober kl 11-24
  • Konfirmantpresentasjon 10.10. kl 11 i Ål kyrkje, 17. 10. kl 11 i Torpo kyrkje,                        og 24.10. kl 11 i Leveld kyrkje
  • Konfirmasjonsdagar 2022:  Torpo 8. mai, Ål 15. mai og 11. juni, og Leveld 12. juni 

 

KOSTNAD

Vi har ein eigenandel på kr. 800,- for heile året. Vi har halvert beløpet sidan vi dessverre måtte avlyse den planlagde weekenden i slutten av august. Konfirmantane får Konfirmantbibelen og anna undervisningsmateriell,  ein langlaurdag som blir ein slags mini-weekend, mat på temasamlingane – og mange ulike opplevingar 

 

NOKO DU LURER PÅ?

Ta kontakt på telefon eller e-post, eller stikk innom kyrkjekontoret. Sjå telefonnummer og mailadresse nedanfor. Kyrkjekontoret har opningstid tysdag til fredag frå kl 8.30 til 14.

 

Beste helsing

for sokneråda i Leveld, Torpo og Ål       

Vigdis Moen Storhaug

konfirmantansvarleg sokneprest

 

 

 

 

Retningsliner for konfirmasjon i kyrkjene i Ål

 

Sokneråda i Leveld, Torpo og Ål har gjort fylgjande vedtak:

 

Det blir normalt heldt 4 konfirmasjonsgudstenester i Ål.

 

Ei konfirmasjonsgudsteneste i Torpo kyrkje 1. sundag i mai.  Viss 1. mai er sundag, blir det konfirmasjon 2. sundag i mai.  Inntil 10 konfirmantar.

 

Ei konfirmasjonsgudsteneste i Ål kyrkje 2. sundag i mai.  Viss 1. mai er sundag, blir det konfirmasjon 3. sundag i mai.,  Inntil 16 konfirmantar.

 

Ei konfirmasjonsgudsteneste i Leveld kyrkje 1. sundag i juni.  Viss det fell saman med pinsedag, blir det konfirmasjon 2. sundag i juni.  Inntil 8 konfirmantar.

 

Ein laurdagskonfirmasjon i Ål kyrkje, felles for alle sokn, same helg som det er konfirmasjon i Leveld – inntil 16 konfirmantar.

 

Ved fleire interesserte enn 16 konfirmantar, blir det avgjort ved loddtrekking kven som får  laurdagskonfirmasjon.

 

Gjennomføring av konfirmasjonsgudsteneste laurdag føreset at denne dagen er ønska av tilstrekkeleg mange, slik at det er plass til dei øvrige konfirmantane i dei andre konfirmasjonsgudstenestene. Her tek ein omsyn både til talet på konfirmantar i kvart sokn og ønske om konfirmasjon i anna sokn. Viss for få ynskjer laurdagskonfirmasjon, blir det 2 konfirmasjonsgudstenester i Ål kyrkje sundag, om talet på konfirmantar tilseier det.

 

Vedteke i mars og april 2015

 

 

NOKON GODE GRUNNAR TIL Å VELJE KONFIRMASJON I KYRKJAJ

  • Du får oppleva kva kristen tru kan vere, og bli betre kjend med det som skjer i kyrkja.
  • Kristendom blir meir enn berre ein del av eit skulefag.
  • Du får tid til å reflektera over små og store spørsmål i livet. 
  • Du får tenkje meir over kva du trur på, og kva for verdiar som er viktige for deg.
  • Du får engasjera deg for andre menneske.  Saman ForAndre. Dette gjer du mellom anna ved å delta i ein solidaritetsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Prosjektet er å samla inn pengar til reint vatn. Du får òg læra kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
  • Du får bli kjend med folk på ein ny måte. Utanom skuletid. Kan hende du får ein ny ven?
  • Konfirmasjonsdagen er din store dag. Der blir du feira for at du er akkurat deg!

Tilbake