Utegudstenesta 17. mai på Torpo


 

Denne 17. mai-gudstenesta vart ei oppleving for oss alle. Utegudstenester – det kan vi jammen ha fleire av!

 

Litt kjøleg, men trass alt opphaldsver og fint: På 17. mai i år hadde vi ei flott utegudsteneste på Torpo. Vel 40 torpingar (og andre!) kom til folkemusikk-gudstenesta og fekk høyra sokneprest Vigdis Moen Storhaug halda ei viktig tale for dagen og – som alltid – ein opplagt kyrkjemusikar på trekkspelet, Ingunn Stræte.  Spennande var det også å lytta til dei unge songarane Guri Feten og Anne Holeplass Watne og lurblåsaren Gjermund Stræte Lie.

 

(Foto: Mildrid Erdal) 

Tilbake