Høyring endring av vedtekter for gravplassane i Ål kommune


Ål kyrkjelege fellesråd har i møte 23. november 2022 vedtatt å legge endring av vedtektene for gravplassane i Ål kommune ut på høyring.

Forslaget om endring av vedtektene vert lagt ut på høyring med høyringsfrist 31.januar 2023.

Høyringsuttaler kan sendast til Ål kyrkjelege fellesråd på e-post: aal.kyrkje@hallingnett.no

 

 

Ål kyrkjelege fellesråd har i møte 23. november 2023 vedtatt å legge endring av vedtektene for gravplassane i Ål kommune ut på høyring.

Eksisterande vedtekter er frå 2018. Den endringa som no er lagt ut på høyring gjelder i hovudsak føresegner knyta til namna minnelund. Det er og tatt inn føresegner om namneflytting. Dei nye vedtektene er laga etter malen som er utarbeida av Statsforvaltaren i 2020 og det er derfor gjort tilpassingar i høve til gjeldande vedtekter, men hovudinnhaldet og intensjonen er ikkje endra.

Ål kyrkjelege fellesråd sitt forslag til ending av lokale vedtekter vert sendt på høyring til utvalde adressatar. Dei vert og lagt ut å https://www.aal.kyrkja.no

Forslaget om endring av vedtektene vert lagt ut på høyring med høyringsfrist 31.januar 2023.

Høyringsuttaler kan sendast til Ål kyrkjelege fellesråd på e-post: aal.kyrkje@hallingnett.no

Ål kyrkjelege fellesråd vil etter høyringsfristen gå gjennom innkomne uttaler og utarbeide eit endeleg forslag til lokale vedtekter for gravplassane.

Spørsmål om høyringsforslaget kan rettast til kyrkjeverje Trond B. Augunset på e-post trond.augunset@hallingnett.no.

Høyringsforslag

Tilbake