Kjenner du ein 11- eller 12-åring? No blir det LysVaken!


Fyrste helga i advent blir det LysVaken i Ål kyrkje. Det er felles for Leveld, Torpo og Ål sokn og alle døypte medlemmer født i 2010 og 2011 blir inviterte, men om du ikkje er døypt er du også velkomen! 

 

Kva er lys vaken?

Kveld og morgon i kyrkja med LEIK, MAT, UTFORSKING, SONG, DANS, VENER, og mykje meir! Vi møtest kl.16 i Ål kyrkje og blir kjent, utforskar kva det betyr å vere LysVaken for kvarandre, verda og Gud. Vi et middag, og førebur oss til gudsteneste i Ål kyrkje 1. sundag i advent. Vi søv heime og møtest sundag morgon. Då et vi frokost saman, øver litt på det vi skal bidra med i gudstenesten, leiker litt og feirer gudsteneste saman. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffe, før vi reiser heim igjen. 

Kvifor får du brev frå kyrkja?

Alle døypte medlemmar får tilbod om trusopplæring frå kyrkja si fram til dei er 18 år. No er det din tur. Kjenner du nokon som har lyst til vere med, som ikkje har fått dette brevet? Tips dei, eller tips oss!

PÅMELDING

Send e-post til aal.kyrkje@hallingnett.no merka LysVaken med namn på deltakaren, alder, eventuelt behov for tilrettelegging, allergiar, namn og telefon til føresett. FRIST: 22.november

ENGLEVAKTER!

Me treng nokre vaksne som kan vere ENGLEVAKTER og hjelpe til med praktiske ting knytt til middag, frukost og rydding. Kan du hjelpe til, skriv det i påmeldinga.

PROGRAM:

Laurdag 26. november
Kl.16.00: Oppmøte med registrering i Ål kyrkje – velkomen og bli kjent
Kl.16.30: Løype med ulike aktivitetar og postar
Kl.17.30: Middag i Kyrkjestugu
Kl.18.30: Gudstenesteverkstad
Kl.19.30: Sporløype med LOMMELYKT (Ta med om du har)                         
Pause med litt å bite i
Kl.20.30: Felles avslutning i kyrkja (Her kan foreldre vere med)
Kl.21.00: TAKK FOR I DAG – VI SJÅAST I MORGON!
 
Sundag 27. november
Kl.9.00: Frokst i Kyrkjestugu
Kl.9.30: Øve i kyrkja på song og dans
Kl.10.00: Øve saman med konfirmantar, organist, kyrkjetenar og andre
Litt pause før gudstenesten
Kl.11-12: Gudsteneste for heile familien
Etter gudstenesta: Kyrkjekaffe (kake og saft) i Kyrkjestugu

Har de spørsmål? Ta kontakt med kyrkjekontoret eller sokneprest Geir Wiknes.

Vi gler oss til å sjå mange spente 11- og 12-åringar i kyrkja!

 

Helsing alle oss i kyrkja i Leveld, Torpo og Ål! 

Tilbake