Bli med på LEDERKURS!


 

Kven er kurset for?

Lederkurset er for alle som er født i 2007, og særleg for deg som er konfirmert våren 2022.

 

 

Kvifor bli med?

Å bli ungdomsleder gjer deg god på oppgåver som leder for andre, konfirmantar, barn og unge, gudsteneste, leir og mykje, mykje meir… Det er bra å ha på CV-en sin og du får erfaringar som er gode å ha seinare i livet. Dersom du ønsker å vere med på kurset Leder i Vekst (LiV) når du byrjar på Vgs, eller bli med på ledertur til Taizé i Frankrike i, er dette Lederkurset obligatorisk.

 

Korleis går det føre seg?

Vi startar med ei Kick-of-samling i september. Så har me fire samlingar på måndagskveldar, før me avsluttar kurset med ein week-end-tur til Bergen etter jul. Alle får kursbevis etter avslutta kurs, og då kan ein vere med som leder for konfirmantar på leir.

 

I tillegg får alle individuelle vegleiingssamtaler med leiaren for kurset. Me vil at du som leder skal bli så god som mogleg, og vekse som menneske.

 

Kva lærer eg?

Lederkurset har 8 ulike tema som strekkjer seg frå det å vere leder på leir og førebilete, til å ta og få ansvar, at vi alle er ulike og kva det vil seie å vere nettopp deg. Du får lære å formidle noko til andre og om tema kring å stå opp for andre.

 

Kurs i kristendom?

Nei, dette er ikkje eit kurs i tru eller kristendom. Det er for alle som er nysgjerrige på det å vere leder for ander, og på kyrkja. Om du vil vere med å gje neste års konfirmantar ei minnerik oppleving, så meld deg på! Så skal vi også utforske Gud, og kven vi sjølve er. Når vi går nokre steg av vegen saman med konfirmantar og i kyrkja, er det likevel viktig at alle tek på alvor at ein er leder i kyrkja.

 

Kostar det noko?

Kurset har ein eigenandel på kr.400,- som inkluderer undervisning på alle samlingane, enkel matservering og kursmateriell. Om ein hoppar av kurset eller får for mykje fråvær til å få kursbevis, blir ikkje eigenandelen refundert.

 

Korleis melder eg meg på?

Du går inn HER og melder deg på innan 20. august

 

 

Datoar:

9.-11.september  (Helg)

26.9. kl.17-19 (måndag)

10.10. kl.17-19 (måndag)

24.10. kl.17-19 (måndag)

21.11.kl.17-19, med utdeling av kursbevis!

 

Ledertur til Bergen etter nyttår 2023 

 

Har du spørsmål, ta kontakt med Geir. 

 

Helsing Geir Wiknes (tlf 97131441)

Kursansvarleg og sokneprest i Leveld, Torpo og Ål

Tilbake