Ingen Etter Skuletid 13. september


Vi må diverre utsetja Etter skuletid. Håpar på at vi kan treffast igjen måndag 20.9

 

Velkommen til «Etter skuletid» kvar mandag Kl. 14.00 – 15.30 i Ål kyrkjestugu. Aldersgruppe: 4.-7. trinn. Innhald: Ein liten matbit, leksehjelp og aktivitetar.

Vi som leier Etter skuletid ønsker å skape ein verestad der barna kjenner seg trygge, inkludert og sett av vaksne og kvarandre. Vi er formidlarar av varme verdiar. «Etter skuletid» er ikkje trusopplæring, men verdiane gjennomsyrar alt vi gjer.

Kva gjer vi?

14.00: Velkommen, registrering, handvask og liten sunn snack (døme: Eplebitar i kopp/ gulrot/banan) og drikke.

Inspirasjon for samlinga. Kva gjer vi, korleis er vi mot kvarandre etc. I haust vil vi ha fokus på verda og rettferd. I vår har vi fokus på å gjere ein forskjell.

Leksehjelp: God start på veka. Vi er fleire pedagogar og trygge vaksne i teamet.

 Leik ute/ kreative oppgåver inne: valfritt

 15.20 felles oppsummerande samling

Meir info: Fb sida «Barn og unge i Torpo, Leveld og Ål sokn». 

Kontaktperson: Ingvild Kringlebotten Stautland kyrkjelydspedagog epost: ingvild.kringlebotten.stautland@hallingnett.no Telefon: 90041993

Tilbake