Kyrkjelege råd og utval i Ål kommune

Sokneråd og fellesråd

  • Soknerådet tenkjer strategi, organiserer aktivitetar, innarbeider undervisning, diakoni og kyrkjemusikk. Det er soknerådet som leier soknet (den lokale kyrkjelyden) og vedtar liturgiar etter ramme frå kyrkja sentralt og ofringar.

  • Fellesrådet sørgjer for gode arbeidsrammer for kyrkjelydane, styrer planprosessar, varetek arbeidsgjevaransvaret, forvaltar kyrkjer og kyrkjegardar.

Kyrkjelova §9:"Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet."

Leveld, Torpo og Ål sokneråd
I valperioden 2015-2019 har vi som ei prøveordning felles sokneråd for dei tre sokna i Ål kommune. 
I rådet sit:
Torrfinn Slåtto og Inger Haug fra Leveld sokn
Olav Moen (nestleiar) og Ove Bråten fra Torpo sokn
Einar Brattegard (leiar), Anne Karina Urving Tunestveit, Øystein Kilde og Toril Stadsvoll Sønsteby fra Ål sokn
 
Møteplan våren 2016: 17.2 kl 09.00-11.00, 30.3 kl 09.00-11.00, 27.4 kl 09.00-11.00
Arbeidsutvalet møtast: 5.2 kl 10.00, 18.3 kl. 08.30, 13.4 kl 08.30 
 
Ål kyrkjelege fellesråd

Fellesrådet består av to representantar frå kvart sokneråd og ein representant i frå kommunen. Kyrkjeverje Kjellfred Dekko er sekretær i fellesrådet.

 

Møteinnkallingar, saksutgreiingar og protokollar.

Diakoniutval
Kvart sokn har diakoniutval som leier det diakonale arbeidet i soknet.
Ål trusopplæringsutval

Sokna i Ål har eit felles trusopplæringsutval som leier trusopplæringa frå 0 til 18 år i kyrkjelydane.
Ove Bråten, May Rose Brattegard, Gro Thoen, Anne Tunestveit, Morgan Slåtto og Siv Vorhaug (leiar) sit i utvalet saman med kyrkjelydspedagog Johanne Marie Jordet. Utvalet har jobba fram ei lokal trusopplæringsplan for sokna i Ål. Den vart godkjend av sokneråda i juni 2012 og av biskopen desember 2012.

Ål misjonsråd

Misjonsrådet har ansvar for fellesarrangement i kyrkjelydane og skal leggja vinn på å få inn misjonsperspektivet i gudstenesteliv og det eksisterande arbeidet i Leveld, Torpo og Ål sokn. 
I misjonsrådet sit: Gro Thoen, Toril S. Sønsteby, Liv Margit Sørbøen, Gunnvor Kreken (leiar), Tor Sletten og sokneprest Frank Vorhaug.

       
21. november 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando