Diakoniplan for Torpo sokn
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Det er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.

Visjon:

Den norske kyrkja skal være ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.

Diakonien ynskjer å bygge ei heil kyrkje for alle !

- der alle er inkluderte i alt fellesskap

- der alle er likeverdige

- der alle blir møtt med respekt

- der alle blir sett og lytta til

- der alle har like mogelegheiter

- der alle får den støtte og hjelp dei har behov for

- der alle er tenande medmenneske for kvarandre.

Målsetting for diakonien i Torpo sokn er: deltaking og tilhøyring.

TILTAK
MÅL
TIDSPUNKT
Besøksteneste
Diakonikontaktar (ca.12) og diakon kjem gjerne på besøk ved behov.
Eldre skal bli hugsa på av kyrkja og ha ein fast diakonikontakt frå fylte 80 år
Heile året
Julebesøk
Besøk ved åremål 80, 85,90, 95, 100..
Diakonen harbesøksteneste på Helsetunet
Bebuarar som ynskjer det, kan få besøk
Onsdagar kl 16-18
Kyrkjesundag for eldre
i Torpo kyrkje (med transport og tilrettelegging )
Alle har rett til og skal ha lik mogelegheit for å ta del i fellesskap i kyrkjelyden.
Kyrkjesundag i juni med hjelp frå diakoninemnda.
Kyrkjeskyss til andre messe
Tilbod til etterlatne:
Tilbod om heimebesøk og sorggruppe.
Temakveldar, allehelgensdag
Etterlatne får den støtte og hjelp dei har behov for.
Medvandring.
Heile året
Sorggruppe 6 samlingar - haust
Haustfest for pensjonistar
Fest! Oppleve å høyre til kyrkja
I september
Hausttur for pensjonistar Fellesskap, natur- og kulturoppleving I september 
Frivillig arbeid
Kurs, oppfølging, inspirasjonssamlingar
Medarbeidarar opplever seg verdsette og får oppfølging og avlasting ved behov
Heile året
Inspirasjonssamling i desember
Medarbeidarfest kvart 2.år
Fasteaksjon
Konfirmantar og frivillige i kyrkjelyden, deltek i Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon
Kyrkjelyden er engasjert i nødhjelpsarbeid og misjonsarbeid.
Bevisstgjering på vere ein del av ei verdsvid kyrkje
Heile året
Fastetida før påske.

 

 Frivillige frå Torpo deltek òg i ”Tru og Lys” og ”KIA – Ål” (sjå diakoniplan for Ål – sokn)

21. november 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando