Diakoniplan for Leveld sokn

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Det er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.

Visjon:
Den norske kyrkja skal være ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.
Diakonien ynskjer å bygge ei heil kyrkje for alle !
- der alle er inkluderte i alt fellesskap
- der alle er likeverdige
- der alle blir møtt med respekt
- der alle blir sett og lytta til
- der alle har like mogelegheiter
- der alle får den støtte og hjelp dei har behov for
- der alle er tenande medmenneske for kvarandre.
Målsetting for diakonien i Leveld sokn er: deltaking og tilhøyring.

TILTAK
MÅL
TIDSPUNKT
Besøksteneste
Diakonikontaktar (ca.12) og diakon kjem gjerne på besøk ved behov.
Eldre skal bli hugsa på av kyrkja og ha ein fast diakonikontakt frå fylte 80 år
Heile året
Julebesøk
Besøk ved åremål 80, 85,90, 95, 100..
Diakonen harbesøksteneste på Helsetunet
Bebuarar som ynskjer det, kan få besøk
Onsdagar kl 16-18
Kyrkjesundag for eldre
i Leveld kyrkje (med transport og tilrettelegging )
Alle har rett til og skal ha  lik mogelegheit for å ta del i fellesskap i kyrkjelyden.
Kyrkjesundag i juni med hjelp frå diakoninemnda.
Kyrkjeskyss til andre messe
Tilbod til etterlatne:
Tilbod om heimebesøk og sorggruppe.
Temakveldar, allehelgensdag
Etterlatne får den støtte og hjelp dei har behov for.
Medvandring.
Heile året
Sorggruppe 6 samlinger haust
Pensjonisstreff m/skysstilbod,
Pensjonisttur
Møteplass og inkluderande fellesskap.
Ca 3 gonger i semesteret
Dagstur i september
Haustfest for pensjonistar
Fest! Oppleve å høyre til kyrkja
I oktober
Frivillig arbeid
Kurs, oppfølging, inspirasjonssamlingar
Medarbeidarar opplever seg verdsette og får oppfølging og avlasting ved behov
Heile året
Inspirasjonssamling i desember
Medarbeidarfest  kvart 2.år
Fasteaksjon
Konfirmantar og frivillige i kyrkjelyden deltek i Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon
Kyrkjelyden er engasjert i nødhjelpsarbeid og misjonsarbeid.
Bevisstgjering på vere ein del av ei verdsvid kyrkje
Heile året
Fastetida før påske.

 

Frivillige frå Nordbygdene deltek òg i ”Tru og Lys” og ”KIA – Ål” (sjå diakoniplan for Ål – sokn)
25. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando