Ei tid for det meste..
 


Ei tid for det meste..

Det er ei tid for alt, leser vi i Bibelen. Og for oss er det nå en tid for avskjed og planlegging, og midt i alt familieliv med 2 små gutter.

Ei tid for det meste...

 

Det er ei tid for alt, leser vi i Bibelen. Og for oss er det nå en tid for avskjed og planlegging, og midt i alt familieliv med 2 små gutter.


På den eine sida tid for amming og kos med minstemann, og bleieslutt og duplobygging med eldstemann. Og på den andre sida er det tid for opprydding, sortering og litt pakking. For å ikkje snakke om avskjeder. For den 3. august tar me med flyttelasset vårt i bil over fjellet og over grensa til Sucre i Bolivia.
Det er også ei tid for avskjed og tilbakeblikk på dei 5-6 åra me har hatt her i Peru. I går hadde dei 15 teologistudentane på NLM sitt seminar SETELA laga til avskjedsfest. Helge har jobba der dei siste åra, og dei studentane som er der nå, har hatt Helge som lærar i misiologi og luthersk doktrine. Det har vore spennande fag, sjølv om det er ein ny tanke for mange å tenke på seg sjølv i rolla som misjonærar, og på si kyrkje som ei misjonerande kyrkje. Misjonærar er jo dei som har kome til deira land. 

 

På fredag er det planlagt avskjed med familieprosjektet. Eit sosialt Noradstøtta prosjekt som blir drive av den lokale kyrkja her i Peru og NLM. Der har Anne vore med sidan den forsiktige oppstarten i 2011. Nå er prosjektet inne med arbeid på tre skular der dei bidreg med verdiundervisning. Tema som vert teke opp med elevane handlar om sjølvtillit, vennskap og familie. I tillegg reiser prosjektet rund med ei forestilling som lærer barn kva dei skal gjere for å unngå seksuelle overgrep og ulike konferansar og kursing for å styrke familieforhold. 

 

Det er trist med så mange avskjedar, og ein av dei tristaste avskjedane blir nok med kyrkja me har vore ein del av dei åra me har vore i Peru. Den kyrkja der me har feira både bryllup og barnedåp. Den kyrkja som kom på besøk og ba for oss då me mista den eine sønnen vår. Den kyrkja der me har fått nokre av dei næraste vennskapa våre. Der me har fått dele om trua vår på Jesus, og der me har fått vorte styrka i trua gjennom andre sine vitnesbyrd og undervisningar. Ei kyrkje der me har fått oppleve eit rikt felleskap med brødre og søstre i Kristus.

 

Nå går turen vidare til Bolivia. For Anne er det å reise tilbake til der ho starta for 7 år siden, medan for resten av familien er det noko nytt. Det er tid for å få nye venner, få dele det beste me har med nye menneske. Me håpar på at me der og kan få bidra inn i den lokale kyrkja. Helge har fått innvitasjon til å undervise på en sonesamling 3 dagar etter at me kjem. Bortsett frå det er lite klart, men me håpar på at også i Bolivia kan me få ei god tid. Me ser stort på tenesta vår, sjølv om den ikkje alltid blir slik me tenkte.  

 

Me trøystar oss med at det er godt at avskjeder er litt triste, for viss ikkje, så hadde det ikkje vore verd det. Men det viser oss at me har fått bety noko, og at me har blitt glad i land og folk, og at det er nokon som er glad i oss også. Avskjeder seier noko om kva som er viktig for oss, og det gjer oss også takknemlege.   

 

Takknemlege også til alle som står med oss i tjenesta, som hugsar på oss og som ber for oss.

 

Helsing Anne (f.Stølen) og Helge Dagsland

 

 

 

Kofferter kjøpes inn og blir prøvd, snart flytteklar

 

Besøk av teologistudentene hjemme hos oss

 

Matlaging i kirka

 

Helge preiker i kyrkja vår

 

 

 

 

  Kommentarer



14. november 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando