Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2017

Takk til alle som bidrog under årets fasteaksjon; konfirmantar, foreldre, frivillige bøsseberarar, diakoninemndene og alle som gav! Det kom inn 14 010 i Leveld, 15 266 i Torpo og 50 129 i Ål. Totalt med vipps og sms kom det inn 82 355. I tillegg kom det inn to private gåver på 5000 kr kvar.

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2017

Faste handlar om å avstå fra noko, for å få bedre anledning til noko anna.

Fasteaksjonen handlar om å saman forandre, å vere saman for andre.

Det er i år 50. gong at Kirkens Nødhjelp gjennomfører Fasteaksjonen. I 50 år har altså kyrkjelyder over heile landet bidrege til at millionar av menneske har fått den hjelpa dei har rett på. Reint vatn og tilgang på mat er ein rett alle menneske har, og Kirkens Nødhjelp kan aldri få gje nok takk til dei som har støtta aksjonen trufast gjennom 50 år.

2017 er også året der lutherske kyrkjer over heile verda markerer at det er 500 år sidan Martin Luther hang opp tesene i Wittenberg. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon står sentralt i den norske 500 års-markeringa, og målet er å vise diakoni i praksis ved å gå med bøsser den 4. april.

50 års-jubilanten Fasteaksjonen er den stødige påla i Kirkens Nødhjelps daglege arbeid. For å klare å hjelpe flest mogleg også dei neste 50 åra treng Kirkens Nødhjelp draghjelp frå våre trufaste bidragsytarar. Du kan bidra til at Fasteaksjonen vert ein suksess i Ål, Leveld eller Torpo sokn, anten ved å stille som bøsseberar, eller ved å gje pengar i bøssa.

Det har aldri vore enklare å bli ein brønnbyggjar.

 

 

Les mer på Kirkens Nødhjelp sine nettsider

  Kommentarer



20. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando