Lina Sandell kvelder
 


Lina Sandell kvelder

Ål kyrkje tysdag 28. januar kl. 19.00
Flå kirke tysdag 4. februar kl. 19.00
Ål kantori framfører kjente og ukjente Sandell-songar.
Aud Jepsen og Heidi Langegard
bind det heile saman med tekstlesing.
Piano: Audun Flaen
Blokkfløyte: Heidi Langegard

Fri inngang. Kollekt.

  

Lina Sandell-kveldar
Den svenske diktaren Lina Sandell er godt kjent for sine songar og salmar, mange av dei er mykje brukte i kyrkjer og bedehus. Særleg har sangen «Ingen er så trygg i fare» vorte «allemannseige».
Men kva veit me om kvinna om er opphavet til desse kjære sangtekstane? Kva veit me om hennar liv og virke?
Ho var prestedotter, levde i tida 1832 – 1903. Ho var dyktig og arbeidssam, uvanleg produktiv og skreiv bortimot 2000 dikt. Mange av dei er tonesette. Tekstane er prega av livet ho levde, av ulykker og motgang, men òg hennar faste kristentru som alltid stod i sentrum.
Ål kantori har øvd inn eit utval av songane, fleire kjente, men også somme som er heilt ukjente.  No vil koret framføre desse både i Ål kyrkje og Flå kirke.
Songane blir knytte saman med eit utdrag av Sandells livshistorie, framført av Heidi Langegard og Aud Jepsen. Heidi deltek òg med blokkfløyte. Audun Flaen er pianist og dirigent.

Magny R. Folkedal

  

  Kommentarer



31. mai 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando