LEVELD, TORPO OG ÅL SITT MISJONSPROSJEKT 2019-2022
 


LEVELD, TORPO OG ÅL SITT MISJONSPROSJEKT 2019-2022

NEPAL

FJELLSKULE

Ein betre skulekvardag

Leveld, Torpo og Ål sokn sitt

Misjonsprosjekt 2019 - 2021

 

 

20 januar 2019 underteikna Leveld, Torpo og Ål kyrkjelyd ei avtale med Himalpartner. Det nye misjonsprosjektet har fokus på eit varmare samfunn. Det handlar mellom anna om rettferd og menneskeverd. Det å kjenne seg verdifull, og å ha ei god helse.

 

Satsingsområder for prosjektet, er mental helse, og ein betre skulekvardag for born i fjellbygder i Nepal.

 

Eit viktig grunnlag for læring, er at ein kjenner seg trygg. Det er ikke sjølvsagt i eit land som Nepal. Det er ikkje alle born som blir teke godt vare på, og kvaliteten på undervisninga varierar.

Himalpartner arbeider for å støtte kompetanseheving for lærarar. Andre viktige tiltak har som mål å auke trivsel og lærelyst blant born. Her kan vi bidra til å gjere ein forskjell!

Det er mange vaksne i Nepal som ikkje har fått skulegang. Etter kvart fekk gutar gå på skule, men mange har sett det som bortkasta å koste skulegang på jenter. Dei skulle jo gjevast vidare til ein annan familie, så snart dei vart klar for å gifte seg.

 

 

I fjelllandsbyen Dhading har førskulebarn fått ein betre start på dagen. For å gjera skula meir egna for born, har klasseromma fått golvtepper der det tidlegare berre var betong. Teppa gjer det varmare å sitja på golvet, og minskar lydnivå og støy.

Borna har fått puter til å sitja på. Enkle pedagogiske verktøy er kjøpt inn, så lærarane kan få meir ut av undervisninga. Borna har òg fått teiknesaker og spel.

 

ØKONOMI                                                                                                                                                                 

  Vi har som mål å samle inn kr. 50.000.- i løpet av dei tre åra misjonsprosjektet varar.                                    

  Det skal skje gjenom ofringar i alle tre kyrkjene, og ved ulike inntektsgjevande arrangement.                            

Vi treng og faste gjevarar.

For å bli fast gjevar, kan du registrere trekk til konto nr 2320.15.52893 i din nettbank.                                    

Om du ikkje har nettbank, kan du få registrert fast trekk i banken.

Når det er gjort, kan du ringje eller sende melding til kyrkjekontoret. Telefon 32 08 61 61  eller mail til aal.kyrkje@hallingnett.no

Du kan sjølvsagt velje kor ofte og kor mykje du vil gje. Vi er takksam for all støtte!                                           

Du kan òg gje eit eingongsbeløp, om du ønskjer det.

 

Leveld, Torpo og Ål sokn sitt misjonsprosjekt 2019 - 2021

  Kommentarer



11. november 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando