Ledig stilling som kyrkjelydspedagog

Fast stilling innan barne- og ungdomsarbeid som kyrkjelydspedagog 80% fast stilling med tilsetjing snarast.

Fast stilling innan barne- og ungdomsarbeid med tilsetjing snarast!

Stilling/yrke

Kyrkjelydspedagog 80% fast stilling

 

Arbeidsgiver: Ål Kyrkjelege Fellesråd

Sted: ÅL

Søknadsfrist 28.02.2019. -Oppstart etter avtale.

Kyrkja i Ål er ei aktiv folkekyrkje med arbeid innan alle aldersgrupper. Me har eit bra arbeidsfellesskap, og trusopplæringa er ein integrert del av det kyrkjelege arbeidet. Det er gode kontor og arbeidslokalitetar.

Me har hatt organisert trusopplæring sidan starten i 2004. Det er utarbeida lokal trusopplæringsplan, og me har hatt fleire spennande prosjekt dei seinare åra.

Me søkjer ein person som har kompetanse innan eitt eller fleire av fylgjande fagområde:

  • Kristendom
  • Kateketikk
  • Pedagogikk
  • Musikk
  • Dans/drama
  • Forming, eller andre relevante fag.

Me vil leggje vekt på personlege eigenskapar som:

  • Kreativitet
  • Struktur og framdrift
  • Evne og vilje til å arbeid tverrfagleg i team
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Søkjaren må trivast i lag med born og unge
  • Søkjaren må ha motivasjon for kyrkjeleg teneste.

Det er krav om at søkjaren må vera medlem i Den norske kyrkja. Ein kan søkje biskopen om dispensasjon frå regelen.

Meir om stillinga hjå kyrkjeverje Kjellfred Dekko tlf 92641198

Søknad med referanser og vitnemål kan rettast til Ål kyrkjelege fellesråd på e-post:

aal.kyrkje@hallingnett.no

 

  Kommentarer



23. februar 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Ål kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando